– Dette vert det første spadetaket i eit jomfrueleg område, og starten på noko eg trur kan vidareutvikle seg til noko stort, sa ordførar Stein Aam, då han fredag møtte driftsdirektør i Aurstad AS, Cato Aurstad, for signering av kontrakt.

Behov for oppdrag

Aurstad vann tilbodsrunden for utbygginga av Melsgjerdet, og Cato Aurstad er glad for at dei har fått oppdraget, som har ein verdi på 33,5 millionar kroner (inkl. mva.).

– Onsdag denne veka overleverte vi prosjektet vårt på E6 i Gudbrandsdalen. Vi har stort behov for nye oppdrag, og har 100 mann som vi treng nye oppdrag til. Vi er glade for at vi no kan gjere noko lokalt. Det vert mykje reising på våre tilsette, og det å ha arbeid i heimkommunen betyr mykje, seier han.

Han legg ikkje skjul på at det er tøffe tider, også for dei.

– Det er få store prosjekt i vår region. Det er flott at kommunen legg til rette for utvikling av industri i kommunen. No er det mogleg å etablere seg her for fleire. Vi treng også slike prosjekt for å ha tilstrekkeleg med arbeid til våre tilsette.

Aurstad AS har i dag kring 200 tilsette.

– Vi brukar mykje tid no på å leite etter arbeid. Det er lite å finne i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, så vi jobbar mellom anna for å levere tilbod i Trøndelag og Rogaland. Det er mykje som er gryteklart også her, med Møreaksen, Voldatunnel, Nordøyvegen, Ørstafjordkryssinga med meir, men det er framleis mange skjær i sjøen før dette vert klart. Men alle monnar drar, og vi er glade for at vi har fått oppdraget med Melsgjerdet næringsområde.

Byggjestart er sett allereie på måndag, og området skal vere klart til november neste år. Oppdraget inneber omlegging av ca. 280 meter fylkesveg, med utbetring av ein stygg kurvatur, bru over Ørstaelva med eit spenn på 46 meter, sju meter køyrebane og tre meter fortau. Det skal også verte laga om lag 130 meter med kommunal veg. VØR har allereie tinga 20 daa av området, og 10 daa er ledig for sal.

Stolt

– Det er ingen tvil om at vi synest det er ekstra kjekt at ein lokal entreprenør fekk oppdraget, seier prosjektleiar i Ørsta kommune, Ulf Kristian Rognstad.

Ordførar Stein Aam er samd.

– Vi er veldig stolte over at Aurstad har tilhald i Ørsta, og det er klart at det er ein ekstra pluss at det er dei som skal gjere denne jobben.

Melsgjerdet næringsområde har vore planlagt i fleire år. Tomta kjøpte kommunen for 20 millionar kroner for fleire år sidan, men området har ikkje vorte realisert, før no.

– Eg har verkeleg trua på dette området. Det er sentrumsnært og lett tilgjengeleg. VØR har spennande planar om biogass. Det står att å sjå om det vert lønsamt, men eg tenkjer at dei uansett har vakse seg for store til å utvide seg vidare ved dagens lokasjon ved flyplassen. Difor er dette eit svært gunstig område for dei, og også for andre som kan vere interessert i å etablere næring i Ørsta.

Ekstra kjekt meiner ordføraren, som er stor friluftslivsentusiast, at det kjem 300 meter med ny gang- og sykkelveg i området ved Melsgjerdet.

– Det vert eit flott turområde, å gå frå Ose, via Melsbygda og til Mo, på ein sikker måte. Det opnar også for at vi kan gå vidare med dette, og få gang- og sykkelveg også vidare framover mot Åmdalen. Eg har stor tru på Ørsta no. Det er utruleg mykje positivt som skjer, og det er flott å vere ordførar i ei slik tid, strålar ordføraren.

<strong>Melsgjerdet:</strong> Området som Aurstad no skal opparbeide til næringsområde.