– Vi har fått meldingar om nokre farlege hendingar siste tida, og vi fryktar alvorleg skade og fare for liv, seier Hagen.

For at politiet kan aksjonere i området, må det liggje føre eit gyldig skiltplanvedtak. Dette vedtaket er det kommunen som må gjere.

– Det skal eksistere eit slikt vedtak, og det må ha vorte gjort før 1990, men vi kan ikkje finne det. Difor er det vi ber om eit nytt vedtak om skilting med gjennomkøyring forbode, seier Hagen.

Han viser til at trafikkmengda i området har auka i takt med nye utbyggingar. Det har medført at også fleire køyrer Osgeila, sjølv om det er skilta med gjennomkøyring forbode.

– Dei siste vekene, med frostnetter, har vi fått meldingar om bilar som har mist veggrepet, og som har sklidd ned vegen. Dette er farleg, seier Hagen.

Han oppmodar uansett alle bilførarar om å respektere at gjennomkøyring i Osgeila ikkje er lov, og at folk nyttar det vegnettet som er meint å brukast.