Volda kyrkjelege fellesråd har i fleire år jobba med ein plan for å ruste opp Volda kyrkjegard. Det vart lagt fram skisser allereie i 2013, og gjennomført synfaring i 2014.

Skisseprosjektet har no vore gjennom ein prosess der kyrkjegardsnemnda har arbeidd vidare med prosjektet saman med landskapsarkitekt Hilde Ruud. Det førte fram til ei detaljprosjekt som vart godkjent av Volda sokneråd i mars i år og i fellesrådet i april. No er planen sendt vidare til Møre bispedømeråd og Fylkeskonservatoren/Riksantikvaren for godkjenning. Dette er blant tiltaka som skal bli gjennomført:

- Utjamning av overflata utan store inngrep. Såing av ny grasplen.

- Fornying av tre og busker. - Minst mogleg inngrep i dei eksisterande gravminna.

- Dei gamle gravhellene får eige område i søraust. Desse står i dag på nordsida av kyrkja.

- Universell tilkomst til hovudinngangen og gangveg sør-nord utan trapper. Også universell tilkomst til kyrkjegarden - nye gangvegar og fjerning av trapper.

- Skilje mellom gjennomgangstrafikken sør-nord og kyrkjerelatert gangtrafikk på kyrkjebakken.

- Smijernsgjerde og hekk på vest- og austsida.

- Nye vasspostar.

- Belysningsplan for kyrkjegard og kyrkje - ny lyssetting av gangvegen sør-nord og kyrkjebygget.

- Etablering av ny urnelund med plass til om lag 500 urner.