Det sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp) då formannskapet hadde Tettstadsprosjektet Ørsta sentrum 2014 – 2016 oppe som sak tysdag. Gjennomgangstonen i formannskapet var svært positiv til det arbeidet som no er lagt ned for utviklinga av Ørsta sentrum.

– Dette er ei av dei største gladsakene på lenge. Det er eit synleg bevis på at ein omfattande prosess enda i ein plan som ikkje er juridisk bindande, men som skal bli juridisk bindande, sa Gunnar Wangen som orienterte formannskapet.

Paul Kristian Hovden (KrF) gav ros til det som no er blitt gjort, men etterspurde realisme.

– Eg har von om at dette vert litt meir enn eit luftslott. Det er mange fine planar, men kva betyr det i praksis. For ein privat utbyggjar vil denne planen vere forpliktande eller kan dei vinne fram med ein dispensasjonssøknad. Vi må vere så konkrete og realistiske for å løyse utfordringar på kort sikt, og så er mykje som vi kan løyse på lang sikt.

Wangen var einig i at realisme er viktig, og understreka at det karakteriserer vinnarforslaget frå dei danske arkitektane i Europan-konkurransen.

– I alle hovudsak er forslaget gjennomførbart, og det vil løfte Ørsta sentrum.

Jostein Mo (Ap) stilte spørsmål om eit slikt stort prosjekt vil få ein eigen rubrikk i budsjett og økonomiplan vidare.

– Dette har hatt ein post i budsjettet, og eg vil oppmode til å halde fram med det slik at vi ikkje får ein situasjon der prosessen stoppar opp, sa Wangen.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for tilrådinga til administrasjonen.

– Kommunestyret ser på Utviklingsplanen for Ørsta sentrum som eit viktig og godt grunnlag i det vidare arbeidet med tettstadutvikling i Ørsta sentrum. Planen er utvikla i samarbeid med innbyggarane gjennom fleire medverknadsprosessar. Samarbeid med kommunen sine innbyggarar, næringsliv, grunneigarar og private lag og foreiningar må stå sentralt også i framtidige prosessar knytt til vidare planlegging og gjennomføring. Planen vert eit viktig underlag m.a. for arbeidet med komande revisjon av reguleringsplan for sentrum. Kommunestyret ber rådmannen følgje dette opp ved å starte opp arbeidet med reguleringsplan for sentrum så raskt som råd.