Politimeister IngarBøen foreslår at ei rekkje lensmannsdistrikt i Møre og Romsdal skalslåast saman og at det i framtida skal vere lensmannkontor iVanylven, Ulstein/Herøy, Volda og Ørsta, Haram, Sykkylven, Vestnes,Rauma, Eide/Fræna, Sunndal, Aure og Surnadal.

Bøen fylgjer i storgrad konklusjonane frå ei intern arbeidsgruppe i politiet som lafram si tilråding for fjorten dagar sidan. Gruppa foreslo trepolitistasjonar og ni lensmannskontor i framtidas Møre og Romsdal,men politimeisteren ynskjer også kontor i Eide/Fræna og på Vestnes.Dessutan ynskjer han å flytte kontorstad for det nye NordreSunnmøre lensmannsdistrikt frå Ørskog til Haram, heiter det i ei pressemelding frå politimeisteren.

Samstundessignaliserer Bøen ynskje om ei flytting av kontoret i Ulstein tilMyrvåg-området i Indre Herøy når det passar med utløp aveksisterande husleigekontrakt. Framlegget frå politimeisteren vartfredag sendt på høyring til alle kommunane i Møre og Romsdal.

- Egkan i all hovudsak slutte meg til det framlegget som arbeidsgruppakom med i ein grundig rapport, men eg kjende det slik atpoliti-tilbodet vart litt for tynt i nokre folkerike område. Det erbakgrunnen for dei endringane eg har gjort, seier politimeisteren.

Politimeisteren foreslår endringar i organiseringa av tenesteeiningar, altså lensmannsdistrikt. Her foreslår han at Ørsta og Volda vert slått saman med Stranda og Sykkylven til eit Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt. Likevel heiter det i forslaget at dagens vaktsamarbeid med ytre Søre Sunnmøre skal halde fram.