Det viser tal frå den ferske fylkesstatistikken som vert gjeve ut av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tala syner at det i fjerde kvartal i fjor var 992 personar som dagleg reiste til Volda for å arbeide. Det var 760 personar som pendla den andre vegen, noko som viser at Ørsta og Volda må sjåast på som ein felles bu- og arbeidsmarknad.

Pendling til og frå Ørsta

Volda er altså den kommunen flest reiser til for å arbeide i blant dei ørstingane som pendlar. På andreplass følgjer Ålesund kommune, dit 210 pendla i fjerde kvartal i fjor. Der etter følgjer Ulstein kommune med 182, Herøy (49), Molde (45) Vanylven (38), Sula (28) og Hareid (25) og vesentleg fleire som pendlar frå Ørsta til Volda enn omvendt. Til Ørsta var det 760 pendlarar som kom frå Volda i fjerde kvartal i fjor.

Vidare var det 53 som pendla til Ørsta frå Ålesund, 49 frå Ulstein, 28 frå Herøy, 23 frå Vanylven, 13 frå Sula og 11 frå Hareid.

Pendling til og frå Volda

Volda hadde altså mest utpendling til Ørsta med 760. Vidare var det 132 som pendla til Ulstein, 122 til Ålesund, 44 til Herøy, 43 til Molde, 38 til Vanylven og 13 til Hareid.

Langt fleire pendlar til Volda enn frå Volda. Tala frå fylkesstatistikken syner at det i fjerde kvartal i fjor var 992 som pendla til Volda frå Ørsta, og vidare 86 frå Ulstein, 65 frå Herøy, 58 frå Ålesund, 46 frå Vanylven og 44 frå Hareid.

Nordfjord ikkje teke med

Ei svakheit ved statistikken er at han berre syner intern pendling i Møre og Romsdal, og såleis er ikkje pendling mellom Ørsta og Volda og Nordfjord-kommunane registrert her. Det er grunn til å tru at etter at Kvivsvegen opna, har peend,linga mellom Horndindal/Stryn og Volda/Ørsta auka.

Definisjonen på pendling er at ein kryssar minst ei kommunegrense frå heim til arbeidsstad. Pendling er meir enn summen av overskot eller underskot av arbeidsplassar i kvar kommune.Enkelte finn «draumejobben» i nabokommunen mens andre ønsker å bu ein annan stad enn der arbeidsplassen er, kommenterer fylkesstatistikken.

Mindre pendling totalt

Frå 2014 til 2015 gjekk den samla pendlinga, både mellom kommunane i Møre og Romsdal og inn og ut av fylket, markant ned.

I 2014 pendla 5.006 personar inn til Møre og Romsdal frå andre fylke, mens dette i 2015 var redusert til 4.279. Internt i fylket hadde byane Ålesund og Molde størst nedgang i innpendling, med ein reduksjon på høvesvis 398 og 329 innpendlarar. Sande og Rauma hadde den største relative nedgangen, med 40 og 22 prosent.

Volda avhengig av arbeidskraft frå andre kommunar

Skodje er i dag den kommunen som er mest integrert i ein regional arbeidsmarknad. I denne kommunen pendlar 66 prosent av dei busette ut av kommunen til arbeid, mens 47 prosent av arbeidstakarane med arbeidsplass i Skodje pendlar inn. Dette gjer at Skodje er på fylkestoppen i begge desse kategoriane.

Både i Sula og Ørskog pendlar over halvparten av arbeidsstyrken ut av kommunen på arbeid. I tillegg til Skodje er arbeidsgjevarar i Aukra, Stordal, Hareid, Volda, Ørskog og Ulstein avhengige av arbeidskraft frå andre kommunar, da meir enn kvar tredje arbeidstakar pendlar inn frå andre kommunar, heiter det i fylkesstatistikken