Trass auken siste året er den langsiktige trenden at fødselstalet fell. I år 2002 var det færre enn 3.000 fødde for første gong i nyare tid.

Fødselsoverskotet er differansen mellom talet på fødde og døde. Trenden i talet på fødde gir også eit langsiktig fallande fødselsoverskot. Men på kort sikt var det ein auke frå 2014 til 2015 i fødselsoverskotet på 559, noko som er 57 høgare enn i 2014.19 av kommunane hadde fødselsoverskot i 2015, mens 16

hadde fødselsunderskot. Høgast var det i Ålesund (226), mens Norddal hadde det største underskotet (-21). Årsakene til nedgangen i fødselstal er at fruktbarheita går ned, og at fylket har færre kvinner i fertil alder enn tidlegare.

I Ørsta vart det fødd 111 born i 2015, mot 116 i 2014. Fødselsoverskotet i fjor var på 23. I Volda vart det fødd 84 born i fjor, mot 74 i 2014. Fødselsoverskotet er på fem.Gjennomsnittleg fødealder i Møre og Romsdal var 30,0 år for kvinner og 33,2 år for menn. Dette er ein nedgang frå året før på 0,2 år for både kvinner og menn. Gjennomsnittleg fødealder har auka jamt dei seinare åra, både i fylket og i Noreg. Det vil derfor vere interessant å sjå om dette fallet i fylket held fram i 2016. Møre og Romsdal ligg no 0,7 år lågare enn landsgjennomsnittet for fødealderen til mor, og 0,4 år for fødealderen til far.