Det kjem fram i eit møtereferat frå styringsgruppa for interkommunalt samarbeid mellom Ørsta og Volda. I gruppa sit ordførarar frå Ørsta og Volda, rådmenn og representantar frå fagforbunda.

I referatet står det at det har vore ei positiv utvikling på det interkommunale samarbeidet mellom Ørsta og Volda dei siste åra, men at samanslåinga mellom Volda og Hornindal skaper uvisse. – Men Volda og Ørsta er innstilt på å ha tett samarbeid framover, også med konstellasjonen Volda/Hornindal, skriv Voldarådmann Rune Sjurgard i referatet.

NAV – PPT – barnevern

Det er fleire tenester som vil verte påverka av at Volda og Hornindal slår seg saman.

Når det gjeld NAV-tenestene, der Ørsta og Volda deler på tenestene, med kontorstad i Ørsta, er det klart at avtalen i lokala i Strandgata går ut om eitt år. – Det vil vere behov for NAV-tenester i Volda og på Grodås, då det er brukarar som har problem med å kome seg til Ørsta. Det må verte avklart kva tenester dette kan vere, og korleis dette kan organiserast. Frå Volda si side har det vore snakk om ordningar der vi kan gi eit lågterskeltilbod. Rådmennene vil lage eit mandat for evaluering i samarbeid med staten, og sjå på eventuelle behov for ressursar.Volda og Ørsta er også i gang med ein prosess der dei spør andre kommunar om dei kan yte PP-tenester, enten som vertskommune eller gjennom sal av tenester. Når det gjeld barnevern, har

Hornindal vendt seg til Volda kommune om å inngå samarbeid om barnevern frå nyttår. Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernsteneste med kontorstad i Volda i dag.

– Om Hornindal skal vere med, må dette verte teke opp med kvar samarbeidskommune, og utgiftene må verte fordelte slik at fellesutgiftene vert delt på fleire, heiter det i referatet.Det er også behov for å utvikle samarbeid for heimetenester for Austefjord, Bjørke og Hornindal.

Landbruk –vatn –samferdsel

– Landbruket er ei viktig næring, og er særleg stor i Hornindal og Ørsta. Det vert vurdert eit prosjekt for å kople landbruk inn mot reiseliv, finansiert over regionale utviklingsmidlar. Til dømes kan det verte vurdert om det kan verte etablert eit senter på Grodås for næringsutvikling, kopla til landbruk, reiseliv og lokale tradisjonar.

Styringsgruppa er samde om at landbruk og utmarksnæring har eit potensial i nye Volda/Hornindal og Ørsta. Dei meiner det også kan vere aktuelt å drøfte eit samarbeid med Stryn og Stranda. – Det vil vere ein fordel om samarbeidet om landbrukskontoret i Ørsta vert oppretthalde, og at dette kan verte vidareutvikla og styrka i kommunesamanslåingsprosessen med Hornindal. Ørsta kommune seier seg positive til å gi beredskapsvatn til Volda. Volda kommune avventar melding frå Ørsta for å få avklart utkast til avtale.

Når det gjeld arealplanlegging i området Furene-Hovden, vurderer styringsgruppa å lansere ein idékonkurranse om arealbruk. Dei ser at området kan få stor pågang for arealkrevjande service, då det ligg såpass sentralt mellom bygdene. Der er også behov for ein overordna infrastruktur for vatn, kloakk og vegsystem.

– Vidare bed Volda Ørsta om å ta regulering av Torvmyrvegen inn i planstrategien.Samferdselspakken med utbygging av Voldatunnel, planlegging av Ørstafjordkryssing, og gjennomføring av miljøgate i begge kommunane meiner styringsgruppa at det er viktig å få felles oppslutnad om. Ørsta vil krevje at det skal verte starta opp kommunedelplan for traseen for Ørstafjordkryssinga, og at dette inngår i samferdselspakken.Kommersialiseringa av Oslo-ruta har ført til auka prisar og redusert bruk av flyplassen. Flyplassgruppa jobbar med å skaffe dokumentasjon og påverke i saka.