Den 1. januar 2016 hadde Møre og Romsdal 265.290 innbyggjarar. Folketalet auka med 1.571 personar i 2015, ein vekst på 0,6 prosent. Folketalet i Noreg auka med 0,9 prosent i same periode. Både landet og Møre og Romsdal hadde ein klart lågare befolkningsvekst i 2015 enn i 2014.

Det er grunn til å vente at veksten i 2016 blir enno lågare enn i 2015. Frå nyttår til utgangen av juni hadde Møre og Romsdal ein svak vekst på 0,1 prosent, berre Oppland har lågare vekst av fylka så langt i år.Av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal var det 22 som hadde befolkningsvekst i perioden 1.1.2015 til 1.1.2016. Størst prosentvis auke var det i Skodje kommune med ein auke på heile 3,5 prosent. Det var Ålesund som vaks mest i talet på personar i 2015 med 431 personar. Molde auka med 340 personar. Ørsta fekk 88 nye innbyggjarar i perioden, og tel 10.677 personar. Volda fekk 60 nye innbyggjarar og var per 1.1.2016 9.037 innbyggjarar. Størst prosentvis nedgang i folketalet har Sande med ein tilbakegang på 2,9 prosent.