Etter kommunevalet i 2015 har fylket klatra på fylkesrangeringa, og med ein kvinnedel på 38 prosent plasserer vi oss midt på lista. Vi ligg rett bak totalen for heile landet,som er 39 prosent. Kvinnerepresentasjonen er størst i Akershus med 44 prosent.

Hareid kommune ligg på topp med ein kvinnedel på 52 prosent i kommunestyret. Molde kommunestyre har 49 prosent kvinner og i Surnadal og Smøla er kvinnedelen 48 prosent. Lågast del kvinner i kommunestyret er det i Averøy, med 26 prosent.Det er no ingen kommune i Møre og Romsdal som har under 25 prosent kvinner i sitt kommunestyre. I perioden 2011 til 2015 var det seks kommunar i denne kategorien i fylket vårt.

Auke

17 av 36 kommunar har ein auke i delen kvinnelege kommunestyrerepresentantar frå førre periode. Når vi ser på alderen til dei kvinnelege representantane, finn vi at det er i aldersgruppa 18 til 29 år at kvinnedelen aukar mest. Blant kommunestyrerepresentantane i Møre og Romsdal under 40 år er det no fleire kvinner enn menn, 113 mot 99.

I Ørsta er kvinnedelen 36,4 prosent, og i Volda 29,6.