Den kommunale planstrategien for 2016–2020 er no ute på høyring. Måndag var planstrategien på sakslista til samfunnsutvalet. Leiar Inge Kolås kom med forslag om ei alternativ tilråding, og han etterlyste prioritering av tilrettelegging for busetnad i utkantane.

– Ørsta Kommune viser mellom anna til nasjonale rammer og føringar for arbeidet. Det at overordna prioriteringar skal innehalde integrering, omstilling og attraktive bu og arbeidsmarknadsregionar er heilt avgjerande for ei god utvikling i Ørsta kommune. Då kan det å omstille seg i ein aukande ynskje om å fortette sentrumsområda, vere avgjerande både for utkantane og for sentrumsområda.

Ørsta kommune meiner derfor at ein må prioritere for tilrettelegging av busetnad i utkantane (utanom Ørsta sentrum) parallelt med tilrettelegging av busetnad i sentrumsområda. Prioritert planoppgåver for 2016–2020 må derfor innehalde denne overordna planstrategitenkinga, heiter det i forslaget frå utvalsleiaren. Planstrategien som no er ute på høyring har ei oversikt over prioriterte planoppgåver for planperioden.

Under kommunedelplanar var lett revidering og oppstart på Bondalseidet flytta til 2020, og det var argumentet med at det ikkje har innverknad på busetnadsstrategien.

Under kommuneplanar var oppstarten av arealdelen flytta frå 2017 til 2016 i forslaget til Kolås, og at det skal gjerast vedtak i 2018 i staden for 2019.

Under strategiar var forslaget at Innovasjons- og merkevarestrategi flytta oppstarten til 2019 frå 2017, og at det skal gjerast vedtak i 2020 i staden for 2018.

I planforslaget har reguleringsplanane på Åmås, Vartdal områdeplan og Sæbø områdeplan oppstart i 2020, 2017 og 2019.

I forslaget som vart lagt fram for samfunnsutvalet måndag var oppstart for alle desse reguleringsplanane sett til 2016.

– Ørsta kommune skal lyse ut arbeida på Åmås, Vartdal og Sæbø til anbod til private aktørar. Dette vil frigje kapasitet på planavdelinga, dette for å sikre at mellom anna arbeidet med arealdel utanfor Ørsta sentrum vert starta i 2016, stod det i forslaget. Samfunnsutvalet gjekk samrøystes inn for å ta den kommunale planstrategien til vitande med endringane til Kolås.