Asplan Viak AS har, på oppdrag frå Ørsta kommune, no utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for fleirbrukshallen. Føremålet er å leggje til rette for hallen og symjehall på dagens grusbane, med tilhøyrande infrastruktur og parkering, og å gjere naudsynte justeringar i planen for eit omliggande område.

Det største nye elementet i planen er fleirbrukshallen. Her er det sett av eit nytt byggjeområde på om lag 13.575 kvm, som skal dekkje areal til hallen og symjehall. Dette byggjeområdet føreset at lenginga av Holmegata, som ligg i den gjeldande reguleringsplan, går ut. Nord for hallen er det regulert ein parkeringsplass som er tenkt å gi dekning for fleirbrukshallen, skulane og ev anna offentleg behov. Denne delen av planen er lagt fram i to alternativ. I området som er foreslått til parkering er to bustadhus og Barnas Vel si avdeling «Klatremus» for born frå tre til fem år, foreslått fjerna.

Park

Mellom ungdomsskulen og den nye hallen er det sett av eit større parkområde og gatetun for den sentrale delen mellom inngangspartia. I dette området ser ein føre seg det kan etablerast anlegg som t.d. sandvolleyballbaner, hinderløyper o.l. som både vil ha ein funksjon i forhold til skulane og som konkurransearena eller offentleg opphaldsareal.

Det største avviket i planen er knytt til fleirbrukshallen, som m.a. fjernar den regulerte tilkomstvegen til halltomta på Mosflata. I planframlegget er det innarbeidd fire område for utbygging; Ørsta ungdomsskule med utvidingsareal mot sørvest, lagerbygg og opplæringssenteret på Ripateigane med utvidingsareal, arealet kring Eldhuset på Mosflata i tillegg til fleirbrukshallen.

I tillegg er det altså sett av areal til parkering for hallen og skulane ved Holmegata, og eit større grøntareal mellom ungdomsskulen og den nye hallen. For ungdomsskulen er det sett av areal til utviding bort til den gamle tannklinikken.

I samband med forvarslinga har kommunen motteke 10 merknadar.Rådmannen rår planutvalet om å leggje detaljplanen ut på høyring.