Samstundes vil Møre-Nytt leggje ut e-avisa tidlegare. Frå kl. 22.00, dagen før papiravisa kjem ut, kan abonnentane lese papirutgåva i elektronisk form.

– Vi gjer desse endringane for å tilpasse produktet vårt endå meir for fleire plattformer. Samstundes er vi i ei stode der vi innser at journalistikk kostar, og at vi ikkje lenger kan leggje ut så mykje stoff gratis på nettavisa vår som vi no gjer, seier redaktør Rune Sæbønes.«For abonnentar»-løysinga vil seie at nokre av artiklane og stoffet i nettavisa vil vere gratis, medan noko av stoffet berre vil vere for dei som abonnerer på Møre-Nytt.

Du må opprette brukar for å ta i bruk dei nye tenestene på morenytt.no. Det gjer du ved å klikke her.

Dersom du allereie har e-avis-brukar, kan du bruke det same brukarnamnet og passordet som før. Då treng du ikkje å opprette noko nytt.

Vil du blir abonnent? Då kan du klikke her.

– Det medfører at dersom du allereie abonnerer på Møre-Nytt si papirutgåve, vil du automatisk vere abonnent på «For abonnentar»-artiklane som vert lagt ut på nettavisa, seier Sæbønes.

Framleis mykje gratis

Det stoffet som framleis vil vere gratis, er i hovudsak det som vert kalla hendingssaker. Det kan vere saker om heftig uver, om ulykker, og større kultur- og sportshendingar osb. Det som i hovudsak vil vere for abonnentane er eigenprodusert stoff frå næringsliv, bygdelivet, kulturlivet osb. – dei personlege historiene og saker som engasjerer.

Sæbønes presiserer at «For abonnentar»-ordninga ikkje må forvekslast med den betalingsordninga Møre-Nytt hadde for nettavisa frå 2011 til 2014.

– Då måtte det teiknast eit eige abonnement for nettavisa. No vil lesarane som allereie er abonnentar på Møre-Nytt automatisk vere abonnentar også på alt stoffet på nettavisa, seier Sæbønes.

Den teknologiske utviklinga gjev fleire og betre mulegheiter til å publisere journalistikk. Møre-Nytt si nettavis er til dømes tilpassa både lesebrett, mobiltelefon og pc.

E-avisa, altså papiravisa i elektronisk utgåve, kan lesast på dei same plattformene. For å lese e-avisa på mobiltelefon og/eller nettbrett, er det utvikla appar som kan lastast gratis ned. Det gjeld både for Apple- og Android-produkt.

Skal vere ein føremon å abonnere

– Med denne endringa tydeleggjer Møre-Nytt at det skal vere ein føremon å abonnere på avisa vår. Abonnentane får tilgang til alt, uansett kvar ein er i verda, seier Sæbønes.

Møre-Nytt vil kome tilbake med detaljar om innlogginga når lanseringsdatoen er der.

Du må opprette brukar for å ta i bruk dei nye tenestene på morenytt.no. Det gjer du ved å klikke her.

Dersom du allereie har e-avis-brukar, kan du bruke det same brukarnamnet og passordet som før. Då treng du ikkje å opprette noko nytt.

Vil du blir abonnent? Då kan du klikke her.