Dette skjedde under Rotary si distriktskonferanse førre helg.

Bakgrunnen for tildelinga er den store innsatsen Kjell har lagt ned i The David School dei siste åra. Han har reist på fleire turar til skulen, og har vore sentral i planlegging, prosjektering og oppføring av bygg og tekniske installasjonar.

Kjell sin store og viktige innsats for skulen har gjeve ringverknader, og det er no mange andre rotarianarar som er med på å støtte prosjektet. Det er også henta inn store bidrag frå næringslivet.

Rundt 100 av dei 350 elevane ved skulen vert no sponsa av ei fadderordning som blant andre Kjell står i spissen for. Det er samla inn pengar og gjeve støtte til både grunnskule, vidaregåande skule, lærarar- og sjukepleiarutdanning. Vaktmeisteren ved skulen har også fått støtte til teknisk opplæring.

Under ebolakrisa gjekk Kjell i front for å etablere naudhjelp til skulen. Støtta kom svært godt med både hos det lokale sjukehuset og spesielt var det viktig å få matvarehjelp til ein svært hardt ramma landsby, der 60 personar døde av epidemien.

Kjell har mange vener i Sierra Leone både blant lærarar og elevar, så det er alltid stor stas når han kjem på besøk. Han er med i styret for The David School Trust, som eig skulen. Trustet er registrert i frivilligheitsregisteret i UK, og ein vert då lagt inn under kontroll, slik at myndigheitene ser at pengane går dit dei skal.

Den første turen Kjell tok til Sierra Leone var motivert av at han ville finne ut kva støtta frå Volda gjekk til. Etter denne turen vart hjartet hans verande der nede, og han seier at han ikkje har planar om å ta det med heim med det første. Det betyr at han kjem til å fortsette arbeidet for skulen og Sierra Leone.

Vi som jobbar saman med han i dette arbeidet er utruleg glade og stolte på han sine vegner og for at han har fått denne utmerkinga.

Dei som ynskjer å vite meir om The David School eller bli fadder, kan finne mykje informasjon på Volda Rotary sine heimesider.