I søknaden frå det private Nordre Vartdal vassverk vert det vist til store investeringar siste åra, mellom anna to millionar kroner i nytt leidningsnett til m.a. Vartdal helsetun.

Når rådmannen rår til avslag, er det på prinsipielt grunnlag.

– Det er ikkje tvil om at dei som arbeider med vassverket gjer eit samfunnsnyttig arbeid til beste for abonnentane. Dette vert vurdert som svært positivt, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Likevel ber ho formannskapet om å avslå søknaden.

– Finansieringa av drifta er abonnementsgebyr. Her betalar og kommunen som abonnent. Det normale er at om ein har større investeringar i vassverk, regulerer ein dette ved å endre gebyret. Ut frå omsynet til lik handsaming vert det tilrådd at det ikkje vert gitt støtte for dette tiltaket, oppsummerer rådmannen.

Ho peikar dessutan på at det ikkje er gjeve tilskot til andre private vassverk dei seinare åra, så langt kommunen har greidd å undersøkje.