– Onsdag kunne vi endeleg borna få teste det nye klatreutstyret i ei fin testløype på Bjørke, fortel Ingrid Holsvik i barneidrettsgruppa i Austefjord IL.

Då selane var godt festa, hjelmane var på og sikkerheitslina var hekta på var det berre å sette i gang. Iveren var stor blant alle deltakarane, og gleda over å meistre lyste av dei lang veg.

– Alderen på dei som prøvde denne ettermiddagen spreidde seg frå tre til tolv år, og alle var like fornøgde. No i starten er det å bli kjent med utstyret, lære seg å finne dei luraste rutene for så å klare å klatre litt høgare enn førre gong. Det skal også litt trening til å lære seg å bli trygg på utstyret når ein skal ned igjen. Å lene seg godt bakover og rappellere roleg ned på bakken igjen er ein kunst det òg, fortel Holsvik.

Ho og barneidrettsgruppa rettar ei stor takk til Sparebanken Møre som sponsa barneidrettsgruppa med 20 000 kroner, noko som gjorde investeringa av utstyret mogeleg.

– Dette vil stimulere til mykje aktivitet og moro, seier Holsvik.