Det seier Ørsta-ordførar Stein Aam etter at han fredag saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam, Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr og Jan Kåre Aurdal og Erlend Krumsvik frå Sunnmøre regionråd møtte statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Føremålet med møtet var å tale Lånekassa i Ørsta si sak. Avdelingskontoret i Ørsta er ynskt lagt ned av styret i Lånekassa, og det vil medføre at dei 22 tilsette vil misse arbeidet sitt.

Men det er ikkje styret i Lånekassa som avgjer saka. Det er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som har det siste ordet.

Difor reiste delegasjonen frå Ørsta, Volda og Sunnmøre til Oslo fredag for å møte den politiske leiinga i departementet.

– Det som var viktig for oss var å få presentert vårt syn på saka, og dessutan forsikre oss om at saka vert handsama grundig frå departementet si side, seier Aam.

Og det siste meiner han vil skje.

– Statssekretæren gav eit godt inntrykk, og understreka at det vil verte ein grundig prosess i månadene framover. Han understreka at han ynskte meir dokumentasjon og grunnlagsmateriale frå vår side, og det vil vi sjølvsagt presentere, seier Aam.

Tillit

Han har tillit til at saka framover i den politiske prosessen vil verte handsama grundig.

– På oss verka det som om saka vert teke med stort alvor, seier Aam.

Overfor statssekretæren vart saka om avdelingskontoret til Lånekassa presentert frå fleire sider.

– Vi hadde med oss eit sterkt team. Jørgen Amdam presentere saka frå eit utdannings- og skuleperspektiv, medan Goksøyr, som frå laurdag av er møtande stortingsrepresentant, presenterte saka frå eit næringsperspektiv. Han peika på at krisa i maritim sektor ikkje berre har råka Rogaland, men også den maritime klyngja på Søre Sunnmøre. Då er det viktig å ha ein region som kan tilby varierte arbeidsplassar. Då er det viktig at staten held oppe dei offentlege arbeidsplassane, seier Aam.

Han er også glad for at Sunnmøre regionråd engasjerer seg så sterkt som dei gjer i saka.

Det er venta ei avgjerd i saka fram mot jul.