– Vi er ein gjeng tidlegare heimevernsungdommar som vil gje noko tilbake til Heimevernet. Difor arrangerer vi i kveld vardebrenning på toppen av Melshornet, fortel Peter Bjørneset.

Han understrekar at arrangementet er sivilt og har inga tilknyting til Heimevernet.

– Det er vi som ungdommar som er uroe for framtida

vår, og vi fryktar for konsekvensane som vil kome om Heimevernet blir rusta ned og HV-11 nedlagt.

Det er oppmøte ved Dinglavatnet klokka 19.00, og dei som vil vere med går derifrå gå opp til Melshornet.

– Varden vert tent i tjuetida. Arrangementet er og å finne på Facebook, fortel Bjørneset. Det er tilsvarande arrangement fleire stader i landet.