Det er Landbruksdirektoratet som løyver pengar til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap.

– Vi på Trandal prøvar å gjere noko med den raske attgroinga som skjer på Trandal. Når ein no kan få tilskot til utsiktsrydding ser vi moglegheita for å få rydda skog nedom den kommunale vegen mellom Indre trandal og ferjekaia. Langs denne vegen hadde ein tidlegare flott utsikt over Hjørundfjorden. Men då det for 15–20 år sidan vart slutt på beitedyr i dette området, har det sakte men sikkert grodd att, seier Daniel Storeide i søknaden.

Han skriv at han har tenkt å skaffe villsauer som er tenkt til beiting der det no vert søkt om pengar til utsiktsrydding.Storeide søkjer om 86.000 kroner.

Sæbø

Sæbø grendalag ved Marit Riise Olsen søkjer om 130.000 kroner til utsiktsrydding. Det skal ryddast lauvkratt i Prestegardsskogen, og vidare rydding i same område framover dalen, på vestsida. Noko av ryddinga er allereie gjennomført. Resten skal gjerast før neste sommar, går det fram av søknaden. Mykje av arbeidet vert gjort på dugnad.

Hjørundfjord

Hjørundfjord kulturvernlag ønskjer å rydde skog på fleire utkikspunkt på nedsida av fylkesvegen mellom Festøya og Ytre-Standal.

– Det er mange registrerte kulturminne på strekninga. Nokre av dei er av nasjonal verdi. Vi ønskjer også å rydde fem punkt på vegen frå Hustadvika til Hustadneset. Dette er ein ofte nytta turveg for turistar frå snart heile verda. Dessutan bør nokre mykje nytta utsiktspunkt på Sæbøneset ryddast. Det er også ein fin spaserturfrå Sæbø og ut dit som dagleg vert nytta av turistar i sommarhalvåret, seier Synnøve Rekkedal Hill i søknaden til Landbruksdirektoratet.

For ryddinga mellom Festøya og Ytre-Standal foreslår kulturvernlaget at nedsaga skog kan hentast av folk flest og nyttast til ved.

– Det vert for kostbart og for langt å frakte trevirket til Eldhuset, meiner Rekkedal Hill.

Totalkostnaden for ryddinga er sett til 528.000 kroner. Dugnad: 108.000