Det er Telenor som melder om dette. Mobilstasjonen Hustadnes vil gi 4G-dekning til Hjørundfjorden frå Sæbø til Trandal, Norangsfjorden frå Sæbø til Øye og deler av Storfjorden frå Sæbø til Viddal. I tillegg dekker den Sæbø og nedre del av Bondalen.

I fjor skapte befolkninga på Trandal stort engasjement på sosiale medium i ein konkurranse om å få 4G-dekning til bygda. Engasjementet var så stort at Trandal vann fram i konkurransen til Telenor. I utgangspunktet vart dei lova at utbygginga av mobilnettet skulle skje i tredje kvartal. Utbygging vert andre ord litt forseinka, men den kjem no på plass.

Mobilstasjonen Melsnakken vil dekke deler av Follestaddalen mellom Kolåsen og Høgebrua, deler av fylkesveg 655 frå Ytre-Åm til Brungot og omkringliggande bustader. I tillegg vil den dekke veg og bustader rundt Vatnevatnet, Brautaset, Hovdenakken, Bjørdalen og Bondalseidet. Stasjonen vil også gje 4G-dekning til deler av fylkesveg 45 mot Volda, i tillegg til Krøvelseidet, Kroken, Rotevassætra og Botnasætra.

Øye mobilstasjon vil gje 4G-dekning til fylkesveg 655 frå Øye til Lyngstøylvatnet og Norangsfjorden frå Øye til Urke.

– Dagens raske utvikling med smarttelefonar og nettbrett stiller auka krav til mobilnettet, og med 4G tek vi eit viktig steg mot auka kapasitet, høgare hastigheiter og betre surfeopplevingar. Både i byane og i distrikta opplever våre kundar dette store dekningsløftet, og kundane våre skal alltid vere sikre på at dei har den beste mobilopplevinga på data og tale der dei bor, jobbar og ferierer, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Utbygginga av nettverket skjer og raskare enn estimert.

– Vi bygger ut mobilnettet raskare enn vi tidlegare har estimert. I løpet av 2017 vil 99,8 prosent av befolkninga ha 4G-dekning frå Telenor, avsluttar dekningsdirektøren.