– I seks episodar får sjåarane vere med på turar i alle norske fylke. Alt er filma frå helikopter og drone, men ein ser dei aldri og høyrer dei heller ikkje. I staden er målet at ein sjølv skal få ei kjensle av å sveve over fjell, byar, strie elvar og inn i djupe gruvegangar, som ei ørn på himmelen. For å forsterke denne opplevinga, er heile lydbiletet designa i etterarbeid, slik at ein høyrer det ein ser: Hurrarop frå 17. mai-toga, reinsdyrklauvar gjennom lyngen og toget som susar forbi, heiter det i ei pressemelding om den nye NRK-serien Landet frå lufta.

Søndag 2. oktober har serien premiere på NRK1. I første program får tv-publikummet sjå luftfoto Bladet og Ramoen/Jønshornet, i tillegg vitjar programmet Norangsdalen der dei mellom anna ser nærare på Lygnstøylvatnet.

I episode to 9. oktober er topptur til Saudehornet ein raud tråd gjennom programmet.

– Ronny Pedersen frå Ørsta IL melde seg friviljug til å springe opp, då vi skulle filme frå helikopter. Han gjorde ein imponerande innsats. Sjåarane får fylgje han heile vegen til topps.

<strong>Ørsta frå lufta:</strong> Komande søndag har programmet Landet frå lufta premiere på NRK1, og i dei to første episodane får tv-sjåarane bilete frå Ørsta kommune. Foto: NRK