Det er stor interesse for VØR sine planar om eit biogassanlegg på det nye industriområdet på Melsgjerdet i Ørsta der VØR har sikra seg eit areal på 20 mål. Over 20 har meldt seg på informasjonsmøtet på Hotell Ivar Aasen i Ørsta komande onsdag.

Då vil Arne Fredrik Lånke og Heidi Ødegård Berg frå konsulentfirmaet Rambøll AS presentere rapporten som er utarbeidd i samband med forprosjektet.

Mogleg å realisere

Forprosjektet viser at det vil vere mogleg å byggje eit biogassanlegg som baserer seg på matavfall, husdyrgjødsel og avfall frå oppdrettsnæringa. Renovasjonsselskapa på Sunnmøre, som alle er i ferd med å planleggje innsamling av matavfall i løpet av dei næraste åra, vil gjennom eit lokalt biogassanlegg kunne ta hand om matavfall på ein rimelegare måte enn ved å sende det til Sverige eller Austlandet for behandling der.

- Klimaavtalen i Paris frå desember 2015, som den norske regjeringa har ratifisert, pålegg oss å redusere transport med 20 prosent seinast frå 2030. Frå same tidspunkt skal 50 prosent av alle lastebilar vere null-utslepps køyretøy. Vidare er uttak av biogass eit krav til framtidig avfallshandtering. Landbruket har fått tilsvarande krav, om 20 prosent reduksjon av metanutsleppa frå husdyrgjødsel, seier dagleg leiar i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal.

Føresetnader

Det er likevel ei rekkje føresetnader som må på plass. VØR og samarbeidande partar er nøydde til å få i stand ein avtale med mottakarar av gassen. Ein må vidare få i stand avtalar med landbruket både om levering av husdyrgjødsel og bruk av bioresten, som er eit fullverdig gjødselprodukt som kan erstatte kunstgjødsel.

Ein må vidare søkje om konsesjon og få dei nødvendige løyve for bygging på plass.

Modell for VØR

Greve Biogass i Tønsberg – eller Den Magiske Fabrikken, som nyleg vart opna av statsminister Erna Solberg (H), har vore modell for VØR.

Biogassanlegget i Tønsberg, som i landssamanheng er å sjå på som eit pilotanlegg på grunn av samarbeid med landbruket, er eit langt større anlegg enn det VØR planlegg. I Tønsberg tek dei imot matavfall og husdyrgjødsel frå kommunar i Vestfold og i Grenland. Dei har allereie nådd regjeringa si målsetjing om at 30 prosent av all husdyrgjødsel skal brukast til biogassproduksjon innan 2020. Det er venta at dette vil verte eit krav i løpet av nær framtid.Like etter at biogassanlegget i Tønsberg vart offisielt opna, vart det nye Mjøsanlegget på Lillehammer teke i bruk. Også dette anlegget er bygt etter same modell som Greve Biogass i Tønsberg.

Kvifor biogass?

På informasjonsmøtet i Ørsta onsdag 5. oktober vil dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, innleie. Før representantane frå Rambøll Norge AS slepp til, vil dagleg leiar i ÅRIM, Øystein Solevåg, gje svar på spørsmålet om kvifor det bør byggjast eit biogassanlegg på Sunnmøre.

- Avfallsbransjen på Sunnmøre kjenner på eit sterkt press frå overordna styresmakter for å dreie avfallsbehandlinga over på ein meir berekraftig måte. Eit biogassanlegg på Sunnmøre vil utan tvil redusere godstransporten over Dombås og Strynefjellet monaleg, og såleis oppfylle krava frå Paris-avtalen for vår bransje, seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Toget går no

Styreleiar i VØR, Jon Helge Bjørndal, viser til at det er venta ein sterk vekst i sysselsetjinga innanfor fornybarbransjen dei næraste åra. Etablering av eit biogassanlegg i vårt område vil gje Volda og Ørsta ein del av denne veksten. Dette toget går no, seier Bjørndal.