– Ein gong sogndøl, alltid sogndøl. Men eg likar meg godt på Sunnmøre. Sunnmøringar er framoverlente og engasjerte, og lette å kome i kontakt med.

Erfaring

Fimreite har vore ørsting i eitt år, og er etablert med sambuar her. Han har fleire år bak seg i skuleverket, og er utdanna lærar med vidareutdanning i leiing. Han har vore lærar, inspektør og rektor i grunnskulen i ei årrekkje, både i heimbygda Sogndal, men også fleire andre stader i landet. Mellom anna har han vore kroppsøvingslærar for alpinisten Aksel Lund Svindal i Lillestrøm, utan at han vil seie at det var hans innsats som gjorde Svindal til ein av verdas beste alpinistar.

– Nei, slett ikkje. Men han var ein interessant person. Flink i alle fag. Både ein lærar- og ei svigermor sin draum.

Fimreite også vore innom både fylkesmannen og fylkeskommunen i opplæringsavdelinga. Då rektorstillinga på Vikemarka skule vart ledig var han snar med å søke. Førsteinntrykket er godt.

– Det er eit svært positivt miljø her, på ein veletablert skule. Her er ei vaksengruppe som verkeleg står på for elevane, og også elevane har teke meg godt i mot. Foreldregruppa imponerer meg også veldig. Her ein kveld var det 90 som stilte opp på dugnad for å legge ny kunstgrasbane. Det eg trudde kom til å ta fleire veker å ordne, vart gjort på ein kveld, fortel han.

Fotball

Som sogndøl ligg det også litt i korta at han er ein stor fotballentusiast.

– Eg er nok over snittet interessert, og trenar også Voldadamene. Så ofte eg kan reiser eg på kamp for å heie fram Sogndal. Fotballen er også ein god måte å kome i kontakt med folk på, både unge og vaksne. Mykje av pedagogikken i fotballen er også god å ha med seg inn i skulen. Det handlar om å bygge eit lag, og føle at du høyrer med i ei gruppe. Med god gruppedynamikk er det også lettare å lære. Ein god latter kan løyse mykje, men det er viktig å ha ei god plattform med dei menneska som du har rundt deg store delar av kvardagen. Trivsel og læring går hand i hand.

Heile mennesket

Den oppgåva tek Fimreite på alvor, og han seier at det er eit ansvar skulen, elevane og foreldra må ta saman.

– Å verte flink kjem ikkje av seg sjølv. Du må jobbe for det. Då er det viktig å legge til rette for at elevane kjenner meistring og at dei får oppgåver som gir rom for utvikling. Og det handlar ikkje berre om skulefaga, men også om det sosiale og estetiske. Heile mennesket.

Vikemarka skule gir eit godt utgangspunkt, etter Fimreite si vurdering.

– Det verkar å vere ein god skule, og plasseringa er også kjempeflott. De som bur her ser dykk kanskje blinde på det, men for meg som kjem utanfrå er det lett å legge merke til det unike som er i det å ha ein skule som ligg så flott til i terrenget og så nært naturen. Skal du bygge eit heilt menneske, er det ikkje nok med berre det faglege som du lærer på skulebenken. Gode fasilitetar hjelper også på, og det sosiale med å vere ute spelar ei stor rolle.

Førebels har rektorjobben gått knirkefritt. Det er berre éin ting Fimreite kan setje fingeren på.

– Det spørst om eg ikkje må slipe dialekta mi litt, slik at ungane forstår alt eg seier. Sjølv hadde eg også litt problem i starten med dialektord, som til dømes «låkt». Men om dette er det største problemet, så trur eg vi skal vere nøgde, humrar han.