Bebuarane på Vartdal helsetun har hatt tilbod om lydoverføring frå til dømes gudstenester og konsertar frå Vartdal kyrkje. For å høyre desse overføringane har bebuarane samla seg i fellesstova for å høyre på. I førre soknerådsperiode vart ideen om bileteoverføring frå kyrkja til Vartdal helsetun lufta. Det nye soknerådet har teke tak i ideen, og fann fram til ei passande teknisk løysing. I kyrkja har det m.a. blitt arrangert konsertar der inntektene har gått til prosjektet, og tidlegare i år fekk soknerådet tildelt 15.000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Alt utstyret er kjøpt inn. Ein dugnadsgjeng har vore i sving på helsetunet for nokre veker sidan, og tysdag kveld var dei på plass i kyrkja. Det som står att av arbeid no skal Elektroservice ta seg av, og dermed blir det ikkje lenge til bebuarane på Vartdal helsetun får eit oppgradert tilbod frå det som skjer i kyrkja.

– I dag har vi lydoverføring, og det blir som ein radio. Med bilete- og lydoverføring skal dette rett inn på tv-apparata til kvar enkelt. Då blir det ein kyrkjekanal. Dei kan då velje sjølv om dei vil vere i fellesstova eller dei sjå og høyre frå romma sine, seier Tone Sørensen i Vartdal sokneråd.

Kyrkjetenaren skal ha kontroll med overføringa, og det vil bli henta inn godkjenningar for å kunne overføre bilete og lyd frå gravferder, julegudstenester og andre arrangement i kyrkja.

– Når det ikkje er midlar til å frakta bebuarane hit, så er dette eit mykje betre alternativ enn det som er i dag.

To kamera skal monterast i kyrkja. Eit vil gje eit oversiktsbilete av kyrkja innvending, og det andre vil gje eit tettare utsnitt av det som skjer i kyrkja. Ved hjelp av ein brytar vil kyrkjetenaren enkelt kunne bytte mellom dei to kameravinklane. Eit hovudmål har vore at bruken av utstyret skal vere så enkel som råd.

– Teknologien vi brukar er radioline. Ein tallerken blir sett opp her ved kyrkja, og ein ved helsetunet. Då kan vi overføre store mengder data med lysets hastigheit, seier Johan Bertel Vartdal.

– Vi vil takke for alle bidraga til dette prosjekta som har gjort at vi har kome i mål med det. Vi takkar og dei som har stilt opp på dugnad for å få dette til, seier Sørensen.