– Det er eit resultat vi både er svært nøgde med – og svært imponerte over, seier Fredrik Christian Langlo i FAU ved Vikemarka skule.

Det har vorte arbeidd med kunstgrasprosjektet i veil eitt år. I fjor haust vart det klart at Ørsta IL skulle leggje nytt kunstgrasdekke på Bane II i Holmane, og både Vikemarka skule og Velle skule var aktuelle avtakarar for det gamle kunstgraset. Begge skulane takka ja til gåva.Tysdag var turen komen til å leggje ut kunstgraset på Vikemarka, på ei bane på ca. 20 gonger 50 meter.

– Her trengst det krefter, for kvar rull som skal rullast ut, veg 1,5 tonn, sa Olav Saure frå fotballgruppa, som leidde arbeidet saman med Karsten Aarseth.

Det er FAU ved Velle skule som har stått bak prosjektet. FAU tok initiativ, og sette ned ei nemnd. Det har vorte arbeidd tett opp mot leiinga ved skulen og opp mot Ørsta kommune for å sikre dei naudsynte løyva og godkjenningane. Sjølve dugnaden vart arrangert i samråd med rektor.

– Vi har også arbeidd godt opp mot fotballgruppa i Ørsta IL og mot Velle skule. Vi gjev stor honnør til styret i fotballgruppa som velvillig stiller på dugnad, og som har gjeve oss mykje hjelp, seier Langlo.

Teknisk sektor i Ørsta kommune har stilt med maskinar, og Langlo og FAU sender også ei takk dit.

– Og både førre og noverande rektor har vore kjempepositive til tiltaket, understrekar Langlo.Han er overtydd om at kunstgraset ved Vikemarka skule vil skape stor aktivitet både i og utanfor skuletida.

– Det er viktig å kunne ha slike fine aktivitetsflater, og at Vikemarka skule skal fungere som eit gode leikeområde også etter skuletid. Vi er overtydde om at dette anlegget vert ein miljøfaktor i grendelaget, seier Langlo.

Han takkar alle dei som møtte på dugnaden. Og ikkje berre for frammøtet, men for framifrå innsats med å få lagt kunstgraset.

– Det er prov på godt samarbeid og god dugnadsånd i sentrum også, insisterer Langlo.

Kunstgrasanlegget på Vikemarka skal lagast ferdig med ein asfaltkant rundt bana, og sjølve graset skal limast.Det er også håp om å få til ei løysing med flaumlys.