<strong>Betre busshaldeplassar:</strong> Rådgjevar Per Ivar Lied, teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot, ordførar Stein Aam og bussjåfør Jostein Kvistad gler seg til nye leskur på bussterminalområdet i Ørsta sentrum.

Betre busshaldeplassar: Rådgjevar Per Ivar Lied, teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot, ordførar Stein Aam og bussjåfør Jostein Kvistad gler seg til nye leskur på bussterminalområdet i Ørsta sentrum.

– No kjem det nye leskur

No vert det fleire nye leskur i kommunen. Ørsta kommune og Vik Ørsta samarbeider om dette.

– I fyrste omgang vert det eit stort nytt skur på 15 gonger tre meter i det nordaustre hjørnet av bussterminalområdet ved Mørebil-tomta. Dette vert forma ut med tak og vegger på begge sider. Dermed skal det gje ly for dårleg ver frå alle kantar, seier ordførar Stein Aam.

Vik Ørsta

Saman med teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot og rågjevar Per Ivar Lied var han tysdag i samtalar med Vik Ørsta, og der vart det semje om levering av fleire typar leskur.

– Vi håper å få på plass leskuret på bussterminalområdet i løpet av den fyrste månaden, seier Aam.

Langs fylkesvegar

I tillegg er det gjort ein slags intensjonsavtale om levering av leskur langs fylkesveg 655 i Åmdalen og Bondalen og langs fylkesvegen i Follestaddalen.

– I Bondalen og på Sæbø er det gjort avtalar med grunneigarar, slik at der kan leskura verte sett opp så snart det formelle er i orden, seier Aam.

I Åmdalen og i Follestaddalen vil det verte teke kontakt med grunneigarar i håp om å få til avtalar.

– Ein stad der det er ynskt leskur, er mellom anna ved avkøyrsla til Melsvegen på Åm, seier ordføraren.

Møre og Romsdal fylkeskommune er også involvert i leskur-prosjektet til Ørsta kommune, og kommunen reknar med at det vil kome midlar frå fylkeskommunen.

– Om vi ikkje får midlar i år, vil her vere rom for å forskottere den fylkeskommunale biten, seier Sundgot.

Betre leskur på bussterminalområdet ved Mørebiltomta har lenge vore etterlyst. I dag står der eitt skur, men det gjev knapt ly for regnvêr.

– Og her kan det blåse og regne frå alle kantar. Difor er utforminga med vegger på begge sider, og inngang frå kortsidene viktig, seier Sundgot.

Leskura som skal langs fylkesvegane er mindre i omfang.

Glad bussjåfør

Ein av dei som gler seg over tiltaket, er bussjåfør Jostein Kvistad.

– Vi som køyrer her dagleg, ser jo at fleire passasjerar kan verte ganske våte dersom vêret står på som verst, seier Kvistad, og rosar kommunen for initiativet.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Timålssiger

Braksiger for Ørsta på heimebane.

Framtida for Bjørke

Stiller på møte

Både Hornindal og Volda kommune kjem til å stille på folkemøtet på Bjørke 27. september, sjølv om dei meiner Ørsta går feil fram i saka.

Delte meiningar om kommunetilhøyrsle Stryn/Volda:

Men fleirtalet meiner Kjøs skal til nye Volda

– Prioriterer Vartdal i risikoanalyse

– Vi jobbar med ein risikoanalyse, og etter det som skjedde på Vartdal, vil vi prioritere dette området først.

PP-tenesta i Ørsta og Volda kollapsa

Skal ha vore lamma av konfliktar i minst to år.

Kinoen stengd

Må stenge kinoen i Ørsta

Ørsta kino opna dørene etter ombygging fredag. No er kinoen stengd.

- Ordbruken frå sakshandsamaren burde vore moderert

Rådmannen meiner sakshandsamar i kommunen brukte for harde ord i korrespondanse med Yngve Dale.