– I fyrste omgang vert det eit stort nytt skur på 15 gonger tre meter i det nordaustre hjørnet av bussterminalområdet ved Mørebil-tomta. Dette vert forma ut med tak og vegger på begge sider. Dermed skal det gje ly for dårleg ver frå alle kantar, seier ordførar Stein Aam.

Vik Ørsta

Saman med teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot og rågjevar Per Ivar Lied var han tysdag i samtalar med Vik Ørsta, og der vart det semje om levering av fleire typar leskur.

– Vi håper å få på plass leskuret på bussterminalområdet i løpet av den fyrste månaden, seier Aam.

Langs fylkesvegar

I tillegg er det gjort ein slags intensjonsavtale om levering av leskur langs fylkesveg 655 i Åmdalen og Bondalen og langs fylkesvegen i Follestaddalen.

– I Bondalen og på Sæbø er det gjort avtalar med grunneigarar, slik at der kan leskura verte sett opp så snart det formelle er i orden, seier Aam.

I Åmdalen og i Follestaddalen vil det verte teke kontakt med grunneigarar i håp om å få til avtalar.

– Ein stad der det er ynskt leskur, er mellom anna ved avkøyrsla til Melsvegen på Åm, seier ordføraren.

Møre og Romsdal fylkeskommune er også involvert i leskur-prosjektet til Ørsta kommune, og kommunen reknar med at det vil kome midlar frå fylkeskommunen.

– Om vi ikkje får midlar i år, vil her vere rom for å forskottere den fylkeskommunale biten, seier Sundgot.

Betre leskur på bussterminalområdet ved Mørebiltomta har lenge vore etterlyst. I dag står der eitt skur, men det gjev knapt ly for regnvêr.

– Og her kan det blåse og regne frå alle kantar. Difor er utforminga med vegger på begge sider, og inngang frå kortsidene viktig, seier Sundgot.

Leskura som skal langs fylkesvegane er mindre i omfang.

Glad bussjåfør

Ein av dei som gler seg over tiltaket, er bussjåfør Jostein Kvistad.

– Vi som køyrer her dagleg, ser jo at fleire passasjerar kan verte ganske våte dersom vêret står på som verst, seier Kvistad, og rosar kommunen for initiativet.