I eit brev til Volda kommune skriv rådmann Ann Kristin Langeland i Hornindal at dei bed Volda kommune om å vurdere mogleg samarbeid knytt til barnevern.

–Hornindal kommune har, uavhengig av kommunestruktur, fatta vedtak om å søke om eit interkommunalt samarbeid innan barnevernet. Hornindal har tidlegare vore i kontakt med Stryn for å drøfte eventuelt samarbeid, men vi finn det i det vidare naturleg å no drøfte dette med Volda kommune. Vi bed difor om at Volda førebur ei sak om opptak av Hornindal kommune i det interkommunale samarbeidet om barnevernstenesta frå 1. januar 2017.

Dei bed også om eit oversyn over stipulerte administrasjonskostnader knytt til eit slikt samarbeid. Vidare ønskjer Hornindal ei utgreiing om samarbeid om oppvekstsjef.

– Hornindal kommune er for tida utan oppvekstsjef. Vi har valt å halde denne stillinga vakant inntil vi får ei avklaring med Volda om eit mogleg samarbeid om denne funksjonen.

Også skatteoppkrevjarfunksjonen ser dei på som aktuelt å samarbeide om, med siktemål å samordne tenestene i dei to kommunane, som har vedteke å slå seg saman frå 2020.

– Vi tek sjølvsagt atterhald om endeleg politisk handsaming i Hornindal kommune, knytt til desse sakene, og ser fram til vidare og konstruktiv samhandling med Volda kommune, skriv rådmann Ann Kristin Langeland.