– Korte og konsise planar vil framover vere viktig. Det er heller ikkje eit mål å ha mange planar. Målet er at planstrategien skal bli aktivt brukt og fungere som eit meir nyttig verktøy, både for politikarar, administrasjon og innbyggjarar. Det er difor viktig at kommunen er realistisk når det gjeld ressursar, og at prioriteringane i planstrategien følgjast opp. Sjølv om det er behov for oppdatering på fleire område, kan ikkje alt prioriterast i denne perioden, kommenterer rådmannen i innleiinga til planstrategien.

På høyring i tretti dagar

Formannskapet tilrådde planstrategien for 2016 – 2020 på siste møte, og han ligg no ute til tretti dagars høyring før kommunestyret skal gjere sitt vedtak.

Av strategien går det mellom anna fram at det skal lagast ein ny arealdelplan for kommunen. Planprosessen skal starte i 2017, og det skal gjerast vedtak i 2019.

Vidare skal det verte arbeidd med sju kommunedelplanar. Det er ein lettare revisjon av kommunedelplanen for Bondalseidet, vidare ein klimaplan, ein kommunedelplan for folkehelsearbeid, ein kommunedelplan for fysisk utforming, for kulturminne og -miljø, for levekår og for veg, vatn og avlaup.Det skal også lagast fleire reguleringsplanar i kommunal regi. Det er reguleringsplanen for Ørsta sentrum med oppstart i år, to planar for Øvre Mo, Myklebust setremark, Osmarka 3, Sæbø områdeplan, Åmås, Leira naustområde og Vartdal områdeplan.

Behovet avgjer

Rådmannen presiserer at det må liggje ei nøye vurdering til grunn når ein plan skal verte prioritert i planstrategien.

– Det er behovet for ein plan som skal avgjere om kommunen skal lage eller revidere ein plan. Eit ønske om ulike planar er ikkje nok. Ein må sjå på utfordringane og spørje seg sjølv om ein plan vil vere med å løyse problemet. Dersom svaret er ja betyr det at behovet for planen er der, kommenterer rådmannen.Formannskapet slutta seg til rådmannen sine prioriteringar, men la til eit punkt om å få vurdert ein plan for frivillegheit.