Det er sett ned kommunekomitè for årets TV-aksjon i Ørsta, og førebuingane er i gong. Varaordførar Karen Høydal er leiar for komiteen og Rebecca Riise Bjerknes på frivilligsentralen koordinerer. I tillegg er Karl Asgeir Sæbønes, Odd-Magne Vinjevoll, Helge Vatne og Lisa Follestad med medlemmar.

– Vi i komiteen håper at de vil samarbeide med oss og at vi saman kan gjere ein innsats for å nå målet om hjelp til to millionar menneske. Skal vi lukkast med å nå fram til alle husstandar i løpet av eit par timar 23. oktober, er vi avhengige av eit godt nettverk som når ut til alle krokar av kommunen vår. Vi vender oss dermed til grendalaga for å få hjelp. Det vi ber er at de oppnemner kontaktpersonar, som kan ha funksjon som rodeleiarar på bygdene, og melder namn, epostadresse og tlf/mobil til Ørsta kommune ved frivilligsentralen så snart som råd. Som rodeleiar har ein ansvar for å skaffe bøsseberarar, samt å dele ut og samle inn bøsser i sin krins.