15. 19. og 20. september gjennomførte alle lærarar ved skulane i Ørsta kommune oppfriskingskurs i livredning med Morten Gjerseth.

– Det har blitt ei bevisstgjering i skulane, og det er retningsliner og reglar som seier at alle lærar skal ha sertifiseringsbevis for å få lov til å ha undervisning i symjebasseng, seier Gjerseth.

Pågangen for oppfriskingskurs har auka i år, og for Gjerseth var det første gang i Ørsta som kurshaldar.

– Kursa er lokalt tilpassa etter kva type basseng som er tilgjengeleg og kva slags gruppe kursdeltakarane skal ha undervisning med i basseng.

Kursa er tredelte og deltakarane går teoretisk og praktisk gjennom hjarte- og lungeredning, kameratredning og gjennomfører ei livbergingsprøve.

– Her må deltakarane vise symjedyktigheit, hente ein person opp av vatnet, symje med ein person, få personen dei reddar på land og gå i gang med hjarte- og lungeredning. I tillegg er det eit lokalt tiltak som er å gjere greie for alarmplan.

Gjerseth gjev ros til lærar i Ørsta kommune som no har gjennomført kurset.

– Deltakarane var veldig kjekke og motiverte. For meg var det kjekt å ha kurs i Ørsta for første gang, og bli kjend med mange nye fjes.