I fjor omsette Vartdal Holding-konsernet for 623 millionar kroner mot 554 millionar kroner året før. Resultat før skatt var i fjor 37,7 millionar for konsernet som nesten aldri har behov for å ta opp lån. Pila peikar framleis oppover for det botnsolide selskapet som leverer varer innan mat, bygg og industri, der det starta med ei fiskekasse i 1965.

– Dersom marknaden held seg oppe, reknar vi med å få ei omsetning på 680–690 millionar før nyttår, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal.

Han var usikker på korleis marknaden ville vere dette året.

– Men vi har hatt god aktivitet på alle forretningsområde, spesielt innan fisk og bygg, og vi aukar geografisk, fortel Vartdal. To solide forretningsområde innan emballasjeproduksjon og byggrelaterte produkt gir god tryggleik for selskapet. For dersom den eine marknaden skulle verte svekt, vil selskapet framleis stå solid.

– Nøkkelen er to solide marknader som er uavhengige av kvarandre. Denne tryggleiken gjer at vi torer å tenke nytt heile tida, seier Vartdal.

Kviler ikkje

Sjølv om selskapet kan vise til vekst, kviler ikkje eigarane på lauvbæra. Det ligg ikkje i bedrifta sin kultur. Det vert heile tida jobba for å verte betre, med sterk fokus på produktutvikling, og å vidareutvikle eksisterande produkt. No er det sterk fokus på isolasjonsutvikling som følgje av nye byggeføreskrifter som vil auke isolasjonsbehovet med 20–30 prosent. Det betyr tjukkare byggisolasjon.

– Vi legg lista høgare for kvart år i tett samarbeid med dyktige tilsette, der mange har lang erfaring og særs viktig kompetanse. Sjølv om vi er store, prøvar vi å drive som ein familie der alle står på og jobbar mot same mål, der det i botnen ligg at kunden alltid skal ha hovudfokus. For utan kundane er vi ingen ting, reflekterer Vartdal.

Selskap

Vartdal Holding-konsernet eig Vartdal Plastindustri, 50 prosent av Poly-Har, 90 prosent av Ualand Eiendomsutvikling og heile K-Plast på Hjelmeland i Ryfylke. Kring 120 personar får lønn frå Vartdal-konsernet der brorparten jobbar på hovudavdelinga på Vartdal.

I tillegg kjem holdingselskapet sitt dotterselskap VD Transport som no er på plass på Straumegjerde i dei tidlegare lokala til Emdals Transport der dei disponerer 3000 kvm. Tidlegare heldt selskapet til i sentrum av Sykkylven. Selskapet har spesialisert seg på møbeltransport og annan transport som krev skånsam handtering. Selskapet har 38 tilsette, og utviklinga er god. Vartdal-konsernet har i tillegg ei terminalavdeling på Frogner ved Skedsmo.

Sjølv om Vartdal-konsernet er ei sukssesshistorie, må bedrifta til ei kvar tid vere skjerpa.

– Vi har sterke konkurrentar og må fornye os og investere, og verte endå meir effektive. Vi må ta ut potensialet på det vi kan og betre dette, seier Jan Endre Vartdal som er medeigar i ei bedrift med solid inntening. Men det er ikkje pengane som er drivkrafta for eigarane som nærast er fødde inn i bedrifta der nestor Håvard Vartdal, som framleis er å sjå i gangane på Vartdal, har vore uvurderleg for selskapet si utvikling.

– Den beste måten å tene pengar på er å ikkje tenke på pengar, meiner dagleg leiar Jan Endre Vartdal.

Markerte jubileum

Førre helg samla tilsette med følgje seg til jubileumsmarkering i Loen for Vartdal Plast.

Selskapet rundar 55 år dette året, og på Hotell Alexandra vart dette markert med gruppebygging, som i fjernsynsprogrammet Farmen, og anna sosial hyggje. med festmiddag.Det var også utdeling av gullklokke og medaljar for lang og tru teneste. Christian Vartdal fekk gullklokke etter tjuefem år i bedrifta.

Vidare vart det delt ut Norges Vel-medalje for meir enn tretti år i selskapet. Og dette gjekk til Per Harald Woldsund, Elmar Dimmestøl og Margrete Johannessen. Dei har bidrege til stabil arbeidskraft.

– Stabilitet er undervurdert i arbeidslivet. Dette gir føreseielegheit og kompetanse som er viktige faktorar, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal som meiner eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for å lykkast.Veteranane trivst framleis godt etter mange år i bedrifta.

– Samhaldet er godt og det er kort veg til leiinga, men også til arbeid, seier Woldsund, Dimmestøl og Johannessen.