Torsdag morgon reiste representantar frå Ørsta kommune og A. Våge AS til Skår i Hjørundfjorden. Målet med synfaringa var å sjå på tilstanden til den kommunaleigde ferjekaia, og kva som kan gjerast for å sette kaia i betre stand.

– Vi reparere leieveggen. Slik det er no så hukar ferja oppunder når det er fjøre sjø, og med ei oppgradering vil ferje kunne legge til kaia på ein meir forsvarleg måte. Vi må og sjekke innfestinga på kaia, og manøverhuset må fiksast opp slik at den held dagens standard. Vi har von om å få gjort dette arbeidet i haust, seier Arnstein Ose ved teknisk avdeling i kommunen.

Vi få på plass avtale

Ørsta kommune har von om å få i stand ein avtale med A Våge AS på delar av arbeidet, og resten skal gjerast av kommunen sjølv.

– Viss vi får på plass ein avtale vil A. Våge prefabrikkere mykje av det som skal på plass, men det må sjølvsagt tilpassast. Her er ikkje vanlege standardmål. Ein del av arbeidet kjem til å gjere med eigne folk.Ifølgje Ose vil det planlagt arbeidet ta litt over ei vekes tid.

– Kan ikkje sleppe ei brikke i det vidare arbeidet

Ordførar Stein Aam var med på synfaringa til Skår, og er klar på at det må utbetringar til på ferjekaia.

– For meg er Hjørundfjorden, Skår og den turismesatsinga som er i fjorden viktig, og vi kan ikkje sleppe ei brikke i det vidare arbeidet. Alt heng i hop med alt. Det som skjedde med kraftverksutbygginga på Skår har eg ikkje heldt sleppt frå hovudet mitt enno, men det er ei anna skål. Vi har hatt nokre møter rundt, og vi har nokre tankar og strategiar. Då må vi inn til sentrale myndigheiter, og det har vi allereie vore.Ferjekaia på Skår er gammal og slite, og Aam seier at kommunen må setje i gang strakstiltak.

– Dette må vi i gang ganske umiddelbart. Skal vi redde moglegheita for å ha fast ferjetransport til Skår, og den er vi avhengig av, må vi i gang med nokre strakstiltak.