Samfunnsutvalet i Ørsta kommune er og trafikktryggingsnemnda i kommunen. Onsdag var nemnda samla for å diskutere revidering av handlingsplan for 2017. Møtet vart starta med ei lengre synfaring til ulike trafikktryggingstiltak i kommunen. Utval vitja Barstadvik, Nordre Vartdal, Vartdal, Halsevegen, Hagevegen, Hovdebygda, Bjørdalen og Åmdalen.

– Her er fleire gode tiltak som tryggare mjuke trafikantar. Eventuelt kan vi vente med prosjekt som kostar mykje, sjølv om eg ser behov i t.d. Hagevegen, sa Astrid Bjørdal (Ap) då møtet var sett.

Arnstein Nupen fungerte som rådmann i møtet og poengterte at Møre og Romsdal fylkeskommune har åtte millionar som skal fordelast på heile fylket.

– Det er viktig at tiltaka som står på prioriteringslista er realistisk å få midlar til, sa Nupen. Karl Asgeir Sæbønes (Sp) stilte spørsmål om kvifor enkelte tiltak som det kostar ein relativt låg sum å gjennomføre vert sett opp på ei slik prioriteringsliste for 50/50-midlar.

– Kvifor ikkje berre gjere det sjølv og bli ferdig med det?

Ulf Rognstad svarte at i tilfellet med oppmerking av sykkelfelt på fortau langs sørsida av Anders Hovden-gata så handlar om å gje eit signal til fylkeskommunen, og at det vonleg kan kome meir pengar seinare.Trafikktryggingsnemnda gjekk inn for å gjere om på prioriteringslista som låg i tilrådinga frå administrasjonen. Øvst på prioriteringslista står oppmerkinga av sykkelfelt langs Anders Hovden-gata. Utbetring av gang-/sykkelveg mellom Engesetvegen og Håkonsgata står på 2.-plass, og soneskilting i Svalevegen og Stampevegen er på 3.-plass.

Nytt gangfelt over Ytrehovdevegen frå Bøplassen-Skulevegen, og utskifting av rekkverk langs Leitevegen/Oklavegen er på fjerde- og femteplass. Utskifting og etablering av nytt rekkverk i Industrivegen er prioritert på 6.-plass.

Det neste på lista tilrettelegging for funksjonshemma i Ørsta sentrum med m.a. merking av HC-plassar og nedramping av fortau ved Kaihuset. Utskifting og etablering av nytt rekkverk i Leitevegen, nytt rekkverk i Skogvegen og utskifting og etablering av nytt rekkverk i Hagevegen fullfører prioriteringslista. Den samla kostnaden på prosjekta er 2.370.200 kroner.