– Eg tenkjer kommune nesten alle vakne timar av døgnet. Kanskje er det ei svakheit, men det er slik det er. Men om natta, då søv eg. Eg er overraska over kor lett eg slår av brytaren. Det er nødvendig, skal eg ha overskot til alle oppgåvene som fyller dagane. Eg legg meg sjeldan seinare enn 22.30.

Det var ikkje ein ni til fire jobb senterpartisten gjekk inn i då han vart valt til ordførar etter valet i fjor haust, men det trudde Stein Aam heller ikkje at det var.

– Etter at eg fylde 60 år reflekterte eg litt over livet. Eg kom fram til at det er to ting eg angrar på. Det er at eg ikkje prøvde meg på eit høgare nivå i fotball då eg hadde sjansen til det, og at eg takka nei til å stille som ordførarkandidat dei to gongane eg vart spurt om det. Tredje gongen sa eg ja, men eg måtte verte 65 år før eg kom meg hit. Fotballen er det vel verre med, humrar han.

Men det er idretten han takkar for at han sit i den stolen han sit i idag.

– Idretten har gitt meg sjølvtillit. Eg stod ikkje på nokon talarstol eller tok ordet i ei forsamling før eg var 30 år. Eg følte vel at eg ikkje hadde så mykje å kome med. Idretten har vore med på å byggje meg opp. Der presterte eg.

Samarbeid

I 1987 vart han valt inn i formannskapet for første gong. Der delte han bord med lærarar, advokatar og private næringsdrivande.

– Eg oppdaga at eg også hadde noko å kome med. Det dei ikkje kunne, kunne kanskje eg. Der erfarte også Stein Aam noko som han har halde hardt på sidan.

– Samarbeid. Etter fotballmann Nils Arne Eggen sine ord: Ei gruppe med folk med komplementære ferdigheiter kan samarbeide for fellesskapet sitt beste. Ein svale gjer ingen sommar. Eg vil ha med meg folket i bygda på laget, dei som har valt meg inn. Og saman med administrasjonen og politikarane i kommunestyret greidde vi å samle oss om eit samrøystes vedtak for budsjettet 2016, og også no nyleg, eit samrøystes vedtak om økonomiplan for dei neste åra. Det har vel nesten ikkje skjedd før i historia. Det gjer meg trygg på at om du vil oppnå noko, må du gi og ta. Du må samarbeide. Det meiner eg at eg er gammal nok til å ha forstått no.

Saman med Ap og Frp sikra Sp seg fleirtalet etter valet. Stein Aam seier at samarbeidet også her har vore godt til no.

– Og særleg varaordførar Karen Høydal (ap) fortener ros. Ho gjer ein formidabel god jobb.

Robek

Det er mykje som har falle på plass i løpet av det siste året. Det første spadetaket til nytt legesenter på Bakk-Ola-marka vert teke i løpet av kort tid. «Den berømte» fleirbrukshallen, som Aam, kallar han, har byggjestart våren 2017. Det gamle Mørebil-huset er rive etter mykje arbeid i kulissane. Og no sist - det har kome pengar til å utvikle Ørstaterminalen til tømmerkai. Men det er mange som vil ha ein bit av den økonomiske kaka til kommunen. Stein Aam held eit fast tak på pengebunken. Han vil bygge Ørsta steg for steg.

– Vi skal ikkje inn i Robek-registeret igjen, seier han bestemt.

– Då kjem vi ingen veg. Vi må få styre i eige hus.

Bygdene

Han er ein bygdas mann, frå Åmdalen. Den første ordføraren frå «Dalen» på 114 år.

– Eg er folket sin mann. Ein fotsoldat med beina godt planta på jorda. Då han gjekk til val var nettopp bygdene noko av det han fronta.

– Eg er programfesta til å tenke på bygdene. Det gjekk eg til val på. Og det meiner eg at eg har fått til. Det er viktig for meg å legge til rette for utvikling på bygdene. Vi er snart i mål med byggeklare tomter på Vartdal og Sæbø. Og vi jobbar med å sjå kva vi kan få til for områda Liadal og Legene. Eg er også svært oppteken av å få ordna opp i mobiltelefonproblemet i Skjåstaddalen. Det bruker eg mykje tid på. Dei har eit rettmessig krav på å ha skikkeleg dekning der, med tanke på kva dei har tilført Ørsta kommune økonomisk gjennom Tussa. Han er snar med å rose dei rundt seg, frå familien, som først ikkje ønskte at han skulle verte ordførar, men som no utgjer ryggrada hans, til dei tilsette på rådhuset som står på kvar dag.

– Eg er svært imponert. Det er mange som gjer ein utruleg god jobb på rådhuset. Det handlar ikkje berre om jobben dei gjer, men om entusiasmen dei viser. Dei brenn for det dei held på med. At det er travelt å vere ordførar, legg ikkje Stein Aam skjul på.

– Men eg er van med å ta i eit tak. Som bonde har eg stått opp klokka seks for å gå i fjøsen, kombinert med delvis full jobb dei siste 30 åra. Eg er velsigna med ei god helse, og det er noko eg set meir og meir pris på for kvar dag. Eg pleiar forma, om det er sykling, jogging eller ski. Det som ikkje øvest, det sløvest, enten det gjeld kropp eller hovud.

Lite kjeft

Som øvste hovud i ein kommune stiller du deg også lagleg til for hogg.

–Men det har vore overraskande lite av det. Eg har ikkje fått mykje kjeft, sjølv om det alltid vil vere slik at ikkje alle er like nøgde med dei vedtaka som er gjort. Sjølv har han også stått aleine når det har blåse på toppane.

– Det vert sagt at du ikkje har vore ein skikkeleg politikar før du står aleine i ei sak. Når det gjeld kommunereforma var eg programfesta til å stemme nei. Men eg har prøvd å vere lojal og sette meg inn i fordelar og bakdelar. Vi kjenner kvarandre godt no, i Volda, Hornindal og Stryn. Eg har ingen problem med å halde fram med samarbeidet, sjølv om vi også vil halde fram som eiga kommune. Eg har kanontru på Ørsta, med frivillige og lag og organisasjonar som stiller opp og tek i eit tak når det trengst. Som dugnaden som var her, med Lars Oscar Fossen i spissen. Det er fantastisk. Ting ser bra ut for Ørsta. Med dei rette grepa framover vil Ørsta stråle.