Formannskapet handla utkastet til ny fylkesplan på siste møte, og er ikkje heilt nøgde med utkastet slik det ligg føre.

– Ørsta saman med Volda har i praksis rolle som senter på søre Sunnmøre og delar av Nordfjord, og er det einaste området utanfor dei tre byane i fylket med alle regionfunksjonane og ei rekkje andre statlege etatar. Dette gjer Ørsta/Volda til senter i ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion, noko som bør kome fram i fylkesplanen, heiter det i fråsegna.

– Fylkesplanen bør vere tydeleg på at fylkeskommunen prioriterer å styrke denne posisjonen, samtidig som ein på regionalt plan ser utfordringane til aktive bygdebyar, heiter det vidare.

Formannskapet meiner også at fylkesplanen gløymer at det er andre næringar enn maritim industri:

– Vi ynskjer eit breiare fokus som inkluderer landbruksnæringa, både jordbruk og skogbruk. Landbruket er vesentleg for næringsmiddelindustrien i heile fylket, seier formannskapet.