Utgreiinga skal ta føre seg plassering av ein ny hall med to speleflater. Plasseringane dei vil ha vurdert er: Steinrøysa ved Volda vidaregåande skule, området syd for Berte Kanutte-huset ved høgskulen og området nord for Øyra skule.

– Vi må avklare kven som er partar i høve dei ulike plasseringane og må ha ein sannsynleggjering av kva nivå på økonomisk finansiering og driftsøkonomi partane kan bidra med. I den samanheng må det også verte avklart kva behov Høgskulen i Volda har, og eventuell deltaking sett i høve til ei eventuell framtidig fullrealisering gjennom fleire byggjesteg, der samla hallkapasitet også dekkjer høgskulen sitt behov og ein ny symjehall, står det i vedtaket frå formannskapet.

Det skal også verte utgreidd ei eventuell riving av eksisterande Voldahall, eller eventuell rehabilitering for mellombels drift der.Utgreiinga skal også ta føre seg samfunnsmessige konsekvensar ved dei ulike plasseringane, og rombehovet.