– Vi er veldig stolte. Vi bruker mykje tid på å lese og sette oss inn i ulike produkt for å halde oss oppdatert, så dette kjem ikkje gratis. Men det er kjekt arbeid, og veldig kjekt å verte sett pris på, seier eigar og drivar Mai-Britt Overå.

Det var mor hennar, Petra Overå, som starta butikken i 1984, eitt år før Sunkost vart etablert som kjede. Mai-Britt driv no vidare, og har på mange måtar fått butikken inn med morsmjølka, som ho seier det sjølv. Dette var også noko juryen i Sunkost gjorde eit poeng ut av i avgjerda.

– Butikken har vore med lengre enn dei fleste, og har gått i arv frå mor til dotter. Det vitnar om stayerevne, motivasjon og lange tradisjonar, skriv dei.I dag er dei tre tilsette i butikken som held til på Amfi.

Saman med medarbeidarane Janine Berg og Kine Hodneland tek Mai-Britt Overå butikken til stadig nye høgder.

– Vi har hatt ein omsetningsvekst på 5,5 prosent det siste året. Den høgste omsetninga vi har hatt nokon gong. Også talet på kundar veks jamt og trutt, og har auka med tre prosent samanlikna med same periode i fjor.

– At vi ligg på Amfi, Søre Sunnmøre sitt største kjøpesenter, er gull verd. Vi har kundar frå heile regionen.Auken gjeld både innanfor den tradisjonelle helsekosten, men også innan mat og drikke, kropp og skjønnheit. Dei lyttar til kundane, og tilpassar vareutvalet etter det kundane vil ha. Mellom anna har dei rekna seg fram til at dei har 190 ulike sortar te i hyllene sine. Truleg det største utvalet i Ørsta.

Mai-Britt er naturterapeut og er utdanna biopat.

– Det er sjølvsagt konkurranse frå fleire hald på mange av produkta vi sel, men vi som jobbar her sit også på kunnskapen om produkta. Vi er ein fagbutikk. Vi kan hjelpe kundane våre om dei har spørsmål, og det veit vi at dei set pris på. Vi har også teieplikt, så folk skal vere trygge på at dei kan snakke med oss. Vi får svært gode tilbakemeldingar, fortel butikkeigaren.Janine Berg og Kine Hodneland skryt av arbeidsplassen sin.

– Det er verdas kjekkaste arbeidsplass, og det var på høg tid at Mai-Britt og butikken fekk denne prisen, slår dei bestemt fast.

– Tala våre viser at ørstingane og sunnmøringane vil ha oss. Vi er kåra til årets butikk, men vi har også dei beste kundane som vi set kjempestor pris på, seier ei glad Mai-Britt Overå.