Onsdag vart det halde ekstraordinær generalforsamling i selskapet der det skulle veljast nytt styre. Men dette lukkast dei ikkje med. Styret fekk inn berre to framlegg til styremedlemmer på ei generalforsamling der berre tre av dei åtte aksjonærane møtte. Det var Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt investeringsselskap, Volda og Ørsta Reinhaldsverk og Ørsta kommune.

Representantar frå aksjonærane Tussa Kraft, Vartdal Plastindustri, Volda Kommune, Mc-Deler og Standal Knuseverk møtte ikkje på generalforsamlinga.

Styreleiar Paul Kristian Hovden er skuffa over interessa for Fefast.

Invitasjon

– Vi sende invitasjon til eigarane og bad dei kome med framlegg til nye kandidatar til styret. Dette lukkast vi ikkje med. Dette seier litt om det generelle engasjementet, kommenterer Hovden.

Han meiner Fefast definitivt er eit prosjekt det bør satsast sterkt på. For Hovden spår at det er Fefast som kjem til å verte fjordkryssinga i vårt område, ikkje Hafast.

– Det er pengane som rår, og Hafast vert langt dyrare enn Fefast som er meir aktuelt enn før. No må styret i Fefast vitalisere seg, og det må kome engasjement frå eigarar og andre, kvinner og menn, som kan ha interesse i å drive fram prosjektet. Eigarane av selskapet må kjenne besøkstida si, ikkje minst Ørsta kommune, dersom eigarane meiner at prosjektet er liv laga. Mange er positive til Fefast, men få vil ta ansvar og jobbe for realisering av fjordkryssinga, konstaterer Paul Kristian Hovden.Etter mangeårig innsats ønskjer han no å trekkje seg som styreleiar og late andre ta over stafettpinnen.

Nytt møte

No vert det sendt møtereferat til eigarane. Og snart vert det kalla inn til endå ei ekstraordinær generalforsamling. På det møtet vonar Hovden det skal liggje føre framlegg til gode kandidatar slik at eit nytt styre kan veljast.

– Eg har fått vore med på ei flott reise som styreleiar, men har opplevd at kampen har vorte mindre og mindre for Fefast, og at fagleg støtte har vorte kasta til side. Saka er god, men vi treng nokon som kan fronte ho, seier Hovden.