Etter 40 år i teneste for Ørsta brannvern går brannmeister Erik Myklebust no av pensjon.

– Eg må få takke for den enorme innsatsen du har gjort for Ørsta kommune gjennom 40 år. Det er vemodig for deg å slutte, og ein ny brannmeister er på plass. Du kjem til å bli kalla inn til årsavslutninga for Ørsta brannvern og du vil bli invitert til opninga av den nye brannstasjonen, sa brannsjef Einar Ytre-Hauge før han ynskte Myklebust lykke til som pensjonist.

Fredag morgon var mannskap frå Ørsta brannvern samla på rådhuset for å markere at Myklebust no takkar av. Den no pensjonerte brannmeisteren fekk overrekt blomar og ei brannøks med eige emblem frå brannvernet. Frå kollegaene venta det og gode og rosande ord. Olav Saure har vore i Ørsta brannvern i 16 år saman med Myklebust, og han er imponert over korleis brannmeisteren har omstilt seg medan brannvernet har gått frå gammalt til nytt.

– Erik har halde tråden gjennom 40 år og har takla utfordringane bra. Alle i mannskapet er einige om at du har vore ein god støttespelar. Vi har vore gjennom tøffe periodar og då har det vore godt å ha deg å snakke med. Eg takkar for godt samarbeid og ei flotte tid. Den nye brannmeisteren, Kurt Kristiansen, rosa Myklebust for velkomsten han fekk i Ørsta.

– Den gjestfridomen og mottakinga eg fekk av brannmeisteren og brannsjefen gjorde at eg fekk enno meir lyst på jobben eg no har fått. Den opplæringa og gjennomgangen av rutinane eg fått har vore veldig bra, og det gjer arbeidet no mykje lettare. Det er med litt blanda kjensler brannmeisteren i Ørsta går av med pensjon.

– Ja det er vemodig, men det kan vere godt å vere fri litt. Eg har hatt ei stilling med krav om å stille opp. Det har vore interessant og kjekke år, og eg har fått styre med det eg likar. Kollegaene mine har vore kjekke, og eg har gjort jobben min.