Romedalsvegen interessentsselskap ved Torill Nydal har søkt Landbruksdirektoratet om tilskot til utsiktsrydding i Romedalen.

– Vi har tidlegare fått tilskot til å setje opp steinbord og benker, og ønskjer at turistar og andre besøkande skal få endå betre opplevingar ved å få betre utsikt og betre muligheite for fisking. Siste åra har det vore ein del flaumar i området, og med så tett vokst alle stader ved elvebarden fører det til at mange tre vert tekne av elva, heilt eller delvis, noko som igjen fører til at tilkomsten vert vanskeleg, både for folk og dyr heiter det i søknaden.

Totalkostnaden for ryddinga er sett til knappe ein million kroner. Ein del av dette er eigeninnsats.Ingen grunneigarar skal vere imot at det vert gjort ryddetiltak for å betre sikta i dalen.