<strong>Tømmer:</strong> Ørsta kommune ventar no på eit endeleg svar på ein søknad frå Landbruksdirektoratet om finansiering av ny tømmerkai på Ørstaterminalen.

Tømmer: Ørsta kommune ventar no på eit endeleg svar på ein søknad frå Landbruksdirektoratet om finansiering av ny tømmerkai på Ørstaterminalen.

– Vonar på endeleg vedtak

– Ørsta kommune har stor tru på dette prosjektet og vonar Landbruksdirektoratet vil gjere endeleg vedtak om prioritering og tilskot.

Det seier stabsleiar Eldar Rune Øye i ein utfyllande søknad til Landbruksdirektoratet i samband med utbygginga av Ørstaterminalen som tømmerkai og fleirbrukskai.

Direktoratet har tidlegare signalisert prioritering av prosjektet og har sendt invitasjon til å sende inn ein fullstendig søknad for endeleg handsaming.

– Ørsta kommune er takksam for at Ørstaterminalen vert prioritert for finansiering og gjennomføring, med tanke på dei positive effektane dette vil ha for skog- og landbruket og næringslivet elles i regionen, seier Øye i søknaden.

Når det gjeld tilskotsbehovet peikar kommunen på at dette er eit omfattande prosjekt som vil gi ei tilnærma dobling av kailengda ved Ørstaterminalen.

– Dette gjer det mogleg å drifte kaia som fleirbrukskai med rom for effektiv utskiping av tømmer på eigen del av kaia, utan at anna kommersiell drift vert hindra. Det er den samla næringseffekten av tiltaket, i tillegg til etablering av tømmerkai, som er kjernen i søknaden. For skogbruksnæringa er dette eit svært viktig prosjekt, seier Øye.

Det er arbeidd med å få ned kostnadsramma for prosjektet, og ramma er redusert frå 22 til 17 millionar. Og tilskotssøknaden er redusert frå 16 til 12,5 millionar.

– Vi arbeider også med å finne andre finansieringskjelder for heile eller delar av prosjektet som kan redusere tilskotsbehovet noko. Mellom anna har kommunen sett i gang eit delprosjekt med klargjering og utfylling av areal for baklageret mot ny kaifront, med plastring og dekke. Grunnlaget for ein del av utvidinga er ein leigeavtale for bakarealet og driftsavtale med Vik Ørsta. Avtalane gir oss den finansieringa vi treng for å starte arbeidet, seier Øye.

Ei løysing med tanke på tilskotsbehovet og storleiken på løyvinga over statsbudsjettet er at Landbruksdirektoratet gir tilskot til Ørstaterminalen over to år.

– Ørsta kommune kan tilpasse prosjektet er slik løysing. Finansieringa er lagt inn i kommunen sin økonomiplan og er eit prioritert tiltak, varslar Eldar Rune Øye i søknaden. 

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.