Det seier stabsleiar Eldar Rune Øye i ein utfyllande søknad til Landbruksdirektoratet i samband med utbygginga av Ørstaterminalen som tømmerkai og fleirbrukskai.

Direktoratet har tidlegare signalisert prioritering av prosjektet og har sendt invitasjon til å sende inn ein fullstendig søknad for endeleg handsaming.

– Ørsta kommune er takksam for at Ørstaterminalen vert prioritert for finansiering og gjennomføring, med tanke på dei positive effektane dette vil ha for skog- og landbruket og næringslivet elles i regionen, seier Øye i søknaden.

Når det gjeld tilskotsbehovet peikar kommunen på at dette er eit omfattande prosjekt som vil gi ei tilnærma dobling av kailengda ved Ørstaterminalen.

– Dette gjer det mogleg å drifte kaia som fleirbrukskai med rom for effektiv utskiping av tømmer på eigen del av kaia, utan at anna kommersiell drift vert hindra. Det er den samla næringseffekten av tiltaket, i tillegg til etablering av tømmerkai, som er kjernen i søknaden. For skogbruksnæringa er dette eit svært viktig prosjekt, seier Øye.

Det er arbeidd med å få ned kostnadsramma for prosjektet, og ramma er redusert frå 22 til 17 millionar. Og tilskotssøknaden er redusert frå 16 til 12,5 millionar.

– Vi arbeider også med å finne andre finansieringskjelder for heile eller delar av prosjektet som kan redusere tilskotsbehovet noko. Mellom anna har kommunen sett i gang eit delprosjekt med klargjering og utfylling av areal for baklageret mot ny kaifront, med plastring og dekke. Grunnlaget for ein del av utvidinga er ein leigeavtale for bakarealet og driftsavtale med Vik Ørsta. Avtalane gir oss den finansieringa vi treng for å starte arbeidet, seier Øye.

Ei løysing med tanke på tilskotsbehovet og storleiken på løyvinga over statsbudsjettet er at Landbruksdirektoratet gir tilskot til Ørstaterminalen over to år.

– Ørsta kommune kan tilpasse prosjektet er slik løysing. Finansieringa er lagt inn i kommunen sin økonomiplan og er eit prioritert tiltak, varslar Eldar Rune Øye i søknaden.