Bruselskapet Fefast har kalla inn til ekstraordinær generalforsamling onsdag 21. september på Ørsta Næringskontor. Der skal det veljast nytt styre.

– Styret ved styreleiar har uttrykt ved fleire høve at det er på tide med ei vitalisering av styret i Fefast. Ein ber difor aksjonærane kome med framlegg på nye kandidatar til styret, seier styreleiar Paul Kristian Hovden i Fefast.

I dagens styre i Fefast sit desse i tillegg til Hovden: Nestleiar Dan Helge Bjørneset, og styremedlemmene Asgeir Standal, Hans Andre Kjalnes Sørvik, Svein Ivar Aarskog og Karen Longva Buset.

Største aksjonær er Sparebank 1 Søre Sunnmøre med ein aksjepost på 29.13%. Også Tussa Kraft, Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Vartdal Plastindustri AS, Volda Kommune, Ørsta Kommune, Mc-Deler AS og Standal Knuseverk AS er aksjonærar.