Frå 20. september til og med 22. september skal elevane ved Møre Folkehøgskule ut å fiske, drive veding, gjennomføre sauesanking og hauste bær og frukt frå naturen. Tilgangen på eple og plommer dei to første dagane har elevane von om at ørstingane kan vere til hjelp med.

– Vi skal nyttiggjere naturen på ein berekraftig måte i desse dagane. Vi vonar at vi får nok folk som vil gje oss tilgang på eple- og plommetre, seier Truls Bråten, Amanda Truyen og Amanda Sølyst Balendran.

– Storparten av elevane ved Møre Folkehøgskule er byungar, og det er litt artig for dei å kome hit og få lære om naturen, fisking og plukking av sopp, seier Gunnar Johnsen er som assistent ved Møre FHS.

Elevane ved folkehøgskulen trur dei vil tileigne seg mykje ny kunnskap gjennom desse septemberdagane, og ser fram til å smake på det som vert hausta inn.

– Det beste er å vere ute på tur, samle inn alle ingrediensane sjølv og så ete det. Då smakar det alltid best.

For dei som donerer eller stiller eple- og plommetre til disposisjon for elevane ved folkehøgskulen vil som takk få eit glas med t.d. heimelaga syltetøy.

– Dei som ynskjer å hjelpe oss kan berre ta kontakt med skulen.