– Samarbeidet med Aurstad har fungert svært bra. Vi har opplevd ein løysingsorientert og interessert entreprenør som både har samarbeidd godt i arbeidsfellesskapet, men og hatt eit godt samarbeid med dei tilsette, underentreprenørar og lokalsamfunnet, seier Taale Stensbye, Statens vegvesen sin prosjektleiar for nye E6 Frya-Sjoa.

I desember opnar ein heilt ny Europaveg på strekninga. Aurstad har hatt ansvaret for strekninga Vinstra-Sjoa i arbeidsfellesskap med Implenia, medan AF Gruppen har hatt ansvar for strekninga Frya-Vinstra. Til saman opnar det då over tre mil med ny Europaveg, og ei tilsvarande lengd ny lokalvegar og gang- og sykkelvegar.

Sjå bildeserie av nye E6 øvst i saka. Bilda startar i sør, og går nordover. Det er bilde av heile strekninga frå Frya til Sjoa.

– Legg sjela vår i dette

Driftsdirektør Cato Aurstad i entreprenørverksemda i Ørsta er godt nøgd med tilbakemeldinga frå byggherren.

– Dette set vi stor pris på. Vi legg sjela vår i å gjere ein god jobb, og det er godt å sjå at ressursane og arbeidet vi har lagt inn i prosjektet gir utteljing.

Kontrakten på Vinstra-Sjoa er på 1,6 mrd. kroner, og var det største veganlegget i Noreg då kontrakten vart underskriven. Aurstad har hatt ansvar for all vegbygging, masseflytting og alt arbeid med vatn, avløp, drenering og overvatn, medan Implenia har bygt alle betongkonstruksjonar og hatt ansvar for driving av den 3,7 km lange Teigkampentunnelen.

– Det er utruleg viktig for oss å få ein god attest på eit referanseprosjekt, som dette er. Vi rykte opp i eliteserien blant entreprenørar då vi fekk denne kontrakten, og det blir stilt heilt andre krav ved så store anlegg enn for mindre prosjekt. Det har vore ei utfordring for oss, og då er det kjekt å høyre at byggherren gir gode tilbakemeldingar, seier Aurstad.

Store tal

På det meste har Aurstad hatt 170 tilsette i sving på anlegget. Dei har flytta 1,5 millionar kubikk lausmasse og ei tilsvarande mengd sprengde bergmassar. Bygginga av den nye vegen har halde på i to og eit halvt år når anlegget står ferdig i haust.

– Aurstad står fram som dyktige fagfolk som bryr seg om arbeidet sitt og er både stolte av det dei bygger og måtar dei bygger på. Viss eg skal framheve noko spesielt må det vere natursteinsarbeidet dei har utført. Dette er flott handverk, seier prosjektleiar Stensbye.

Overgang

Det blir ein stor overgang for Aurstad å bli ferdig med eit slikt prosjekt.

– Vi har ikkje noko med tilsvarande storleik å starte på. Det er mykje som er under planlegging, men ingen store prosjekt som er klare for bygging. seier Cato Aurstad.

I tillegg til E6, jobbar entreprenørverksemda no mellom anna med fire prosjekt i Sogndal og nokre lokale prosjekt. Dei vann også nyleg anbodsrunden for den nye undergangen på E39 ved Ekset i Volda.

– Men vi treng meir, og no reknar vi på fleire prosjekt og skriv tilbod så blekket sprutar. Vi håper å unngå prosjekt som er svært langt borte, og konsentrerer oss om det som ligg nordover til Trondheim, sørover til Bergen og austover til Lillehammer.

Uansett blir E6-referansen viktig å ta med seg vidare forAurstad.

– Det er klart dette prosjektet blir eit springbrett vidare. Det vi ser no, er at det blir stilt strengare og strengare krav til utføring av jobbar, medan pris blir tona litt ned. Det viktigaste er å levere ein god totalpakke, seier Cato Aurstad.