Den nye, nasjonale fråværsgrensa vart innført frå dette skuleåret, og medfører at dei som har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, ikkje får karakter. Nokre elevar kan få godkjent ei grense på 15 prosent.

– Dette kan fort få den konsekvensen at elevar som møter på alle prøver, er aktive i timane og ligg an til ein god karakter, ikkje får karakter i faget fordi dei har ein fråværstime for mykje, seier rektor Trond Hjelseth ved Volda vidaregåande skule.

– Motivet for grensa er høgverdig, men det skaper ein del frustrasjon for oss, legg han til.

Konsekvensar

Fråværsgrensa får fleire konsekvensar. Elevar må til dømes ha legeerklæring for å få gyldig fråvær når dei til dømes har omgangssjuke eller influensa. I tillegg skaper det store problem for dei som ønskjer å skaffe seg førarkort. Køyretimar er nemleg ugyldig fråvær med det nye regelverket.

– Dette får store konsekvensar på mange område, for trafikkskulane, for samfunnet og ikkje minst for elevane, seier trafikklærar Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule i Volda.

– Lærarane blir tvungne til å jobbe nesten utelukkande på kveldstid. Det gjer yrket mindre attraktivt og senkar kvaliteten på lærarane. Det blir umogleg å kombinere yrket med eit familieliv. Elevane får også ei dårlegare opplæring om alt skal skje på kveldstid. Dei må få trene seg på dagtid, det er då det er trafikk, og det er då dei blir gode sjåførar. Konsekvensen av ei dårlegare opplæring blir lågare trafikktryggleik. Det er då eg meiner politikarane møter seg sjølv i døra. Stortinget har nemleg vedteke at Noreg skal jobbe mot nullvisjonen: ingen hardt skadde eller drepne i trafikken. No har vi hatt ei god utvikling, med færre ungdomsulykker i fleire år. Det fryktar eg snur som følgje av dårlegare opplæring, fortvilar han.

Vil ikkje endre reglane

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til NRK at det ikkje er aktuelt med ein unntak for køyretimar, og at saka handlar om prioritering.

– Det aller viktigaste når elevane er på skulen er at dei er i klasserommet og lærer, og då må andre ting bli sett i andre rekke.

Rektor Hjelseth er ikkje samd.

– Eg tvilar på elevane er særleg lystne til å vente til etter vidaregåande med å ta sertifikatet. I Oslo er det kanskje uproblematisk å ikkje ha bil, men for dei som bur utanfor tettbygde strok, vil ein bil kunne kutte reisetida til og frå skulen drastisk. Det er tid dei då kan bruke til skulearbeidet. Så ja, det tek tid med opplæringa, men det får elevane att mange gonger i form av ein meir effektiv kvardag når dei får sertfikat. Føraropplæring er rett og slett noko vi er nøydde til å handtere som skule.

Feil ende

Elevorganisasjonen er motstandarar av fråværsgrensa på generelt grunnlag, og meiner føraropplæringa berre er ein av mange konsekvensar av den nye regelen.

– Dei startar i feil ende. For dei fleste er det ei årsak til at dei er borte frå skulen. Dersom nokon til dømes har udiagnostiserte psykiske problem, gjer det berre vondt verre at dei får stryk i eitt eller fleire fag. I staden for å gi elevane strykkarakter, burde ressursane vore retta mot den årsakssida av problemet. Kvifor møter ikkje eleven på skulen? spør Lasse Strand Gule, politisk nestleiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal og elev ved Volda vidaregåande skule.