Saure reagerer på utspelet kommunestyremedlemmene Rune Hovde og Per-Are Sørheim i Høgre hadde om formannskapsfleirtalet sitt vedtak om økonomiplan for dei komande fire åra.

– Nedlatande

– Tonen i utspelet er svært nedlatande. Dei opptrer nedlatande overfor politiske kollegaer. Dei tillegg oss som utgjorde fleirtalet at vi ikkje kan styre økonomien. Eg har vore med i politikken i tretti år no, og har vore vand med at vi som er politikarar respekterer kvarandre. No opplever eg at nok er nok frå Høgre, og ynskjer å seie at no må dei stoppe med sutringa, seier Saure.

Han peikar på at dei som utgjorde fleirtalet i formannskapet, politikarar frå Sp, Ap og Frp, har lang erfaring frå politikken, både på kommunalt nivå og på fylkesplan.– Då vert det heilt feil å tilleggje desse at dei ikkje bryr seg om økonomien. Det er tvert i mot, seier Saure.

Han poengterer at Senterpartiet som det største partiet i kommunestyret er opptekne av å kunne samarbeide.

Høyring

Økonomiplanen er no ute på høyring, og dokumentet skal slutthandsamast i kommunestyret.

– Administrasjonen la fram eit grundig dokument. Det vi seier er at nokre av dei investeringane som låg inne i administrasjonen sitt forslag, må utsetjast. Vi har ikkje råd til å byggje fleirbrukshall og symjehall samstundes. Symjehallen vil kome, men vi er nøydde til å gå nokre rundar også på omfanget av symjeanlegget, seier Saure.

Kontroll

Han er oppteken av at økonomiplanen er ein rammeplan.

– For det er i årsbudsjetta vi bind opp pengar til kvart einskild prosjekt. Det er årsbudsjetta som avgjer kor mykje vi har å disponere, seier Saure.

Han kritiserer Høgre for at dei i formannskapet kom med kuttforslag for inneverande år.

– Det er heilt urealistisk å kutte slik på tampen av året. Vi har no god kontroll på økonomistyringa, seier Saure.Han peikar dessutan på at fleirtalet i formannskapet ikkje vil auke eigedomsskatten frå 2019, slik det låg føre frå administrasjonen si side.– Vi vil fryse eigedomsskatten på to promille, seier Saure.