Rune Hovde og Per Are Sørheim frå Høgre er uroa for den økonomiske utviklinga i Ørsta kommune, dersom fleirtalskonstellasjonen AP, Ap og Frp sitt forslag frå formannskapet vert ståande etter kommunestyret som vert halde torsdag.

– Dei skal finansiere reduksjon i eigedomsskatten med reduserte investeringar. For å finansiere 3 mill. i reduksjon må kommunen låne 60 mill. mindre enn rådmannen sitt forslag. Renter og avdrag kostar nemleg. Utfordringa kjem i 2019 då dei skal låne 250 mill. mindre enn det rådmannen har lagt opp til, og i 2020 då dei må redusere låna med 440. mill. i høve rådmannen sitt forslag. Dette betyr i realiteten investeringsstopp, og i 2020 har forslaget ei underrekning på om lag 320 mill. kroner, seier Hovde og Sørheim.

Varsku

Dei fortel at Høgre har brukt mykje tid i sommar på å utarbeide eit alternativt framlegg til økonomiplan for perioden 2017–2020.

– Både Høgre og rådmannen sine framlegg gir rom for å gjennomføre naudsynte (og vedtekne) investeringar i perioden. Sp, Ap og Frp kan i praksis ikkje gjennomføre noko som helst utan at vi er konkurs på slutten. Dette handlar om å setje seg inn i saker og forstå dei. Dette er eit skremmande eksempel på det motsette. Vi har jobba heile sommaren med eige framlegg til økonomiplan, men vert møtt av eit politisk fleirtal som ikkje er førebudde, og som ikkje har sett seg inn i denne viktige saka. Fleirtalet tek eit kjapt gruppemøte under formannskapsmøtet og legg fram eit lite gjennomtenkt forslag, utan å vurdere konsekvensane av det. Det er grunn til å rope varsku, åtvarar Hovde og Sørheim.

I tilrådinga frå administrasjonen var det lagt opp til ein auke i låneopptaket med 797 millionar kroner i perioden, altså ei dobling av lånemengda kommunen har i dag. Over ein

milliard er foreslått til investeringar, mellom anna til fleirbrukshall, symjehall og legesenter. Dette vil også innebere ei dobling av eigedomsskatten fram mot 2020.

Tak

Høgre ønskjer å vere litt meir nøkterne, og vil ha eit tak på 100.000 kroner i lånegjeld per innbyggjar i Ørsta. I dag ligg lånegjelda på rundt 75.000 kroner per innbyggjar.

– Dei planlagde låneopptaka gir ein kommuneøkonomi heilt utan berekraft. Vi vil kome i landstoppen når det kjem til gjeld per innbyggjar. Vi kan ikkje la låna vekse til himmelen sjølv om der er behov for store investeringar, vurderer Rune Hovde.

I Høgre sitt forslag kan eigedomsskatten verte redusert med 4 millionar kroner per år, og haldast på det nivået i planperioden. Alle som betalar eigedomsskatt får ein reduksjon på mellom 500-1.000 kroner per år, i form av eit botnfrådrag. Men då må kommunen først vinne att kontrollen på kor mykje pengar som går med til drifta.

– Nøkkelen er å korrigere drifta i 2016. Då verte det «krone for krone»-reduksjonar som vil syne att i heile perioden. I vårt framlegg gir vi like mange kroner i tillegg til drifta i 2016, som allereie ligg i budsjettet, men vi startar frå det verkelege nivået for forbruk i 2015, og ikkje frå det budsjettet sa at vi skulle bruke, seier Hovde.

– Med det driftsnivået administrasjonen legg opp til vil det mangle mellom 5–12 millionar kroner kvart år. Det beløpet har dei tenkt å hente frå kommunen sin sparekonto (disposisjonsfondet). Det betyr at dei 50 millionane kommunen har der, vil vere brukt opp på fire år. Kva skjer då i 2021? Då manglar vi truleg mellom 15–20 millionar, som vi truleg må finansiere gjennom ytterlegare auke av eigedomsskatten, seier dei to høgremennene.

Enda verre meiner dei at det vil verte dersom Sp, Ap og Frp sitt framlegg vert ståande.

– Høgre har rekna på sitt forslag og brukt tid på det. Vi er usikre på om det same gjeld for andre alternative forslag.

Stein på stein

Høgre ønskjer å få kommunestyret med på å vedta eit tak på gjelda i økonomiplanperioden på 1,1 mrd. Vidare vert då rådmannen pålagd å gå gjennom investeringstiltaka, og prioritere vedtekne prosjekt og gjennomføre desse innanfor rammene. Høgre vil også legge inn krav om 0,5 prosent effektivisering i perioden 2018–2020.

– Med vårt forslag får vi gjort dei viktige investeringane, og vi får bygd opp driftsfondet, heller enn å tappe det. Det gir handlingsrom på sikt. Slepp vi opp, tek det laust i feil retning. Vi må ha politikarar som torer å seie nei. No har vi moglegheita til å sikre ei god og trygg utvikling, der vi byggjer stein på stein. Men då må politikarane forstå at vi ikkje har ei utømmeleg kjelde å ause av, seier Per Are Sørheim.