– Gjeldande skilting i Osgeila vert ikkje respektert. Det vi no foreslår gjev minst ulempe for alle partar, skriv einingsleiar Ulf Rognstad i eit brev til grendelaget.

Kommunen foreslår no fleire tiltak for å betre trafikkforholda i området ved Osgeila. Løysingane skal vere i samsvar med både reguleringsplanen og skiltplanen.

Bilsperre

I Osgeila vert det foreslått ei automatisk bilsperre. Det vil seie ei einarma og svingbar sperre for utrykkingskøyretøy og brøytebilar rett nedanfor Osgeila 17.

I Hansholen vert det foreslått å setje opp ei vanleg einarma bilsperre som er gjennomkøyrbar for brøytebilar. Denne skal verte plassert mellom Hansholen 20 og Osgeila 20, noko som er i samsvar med reguleringsplanen. Vegen er regulert som gang- og sykkelveg.

– Vi ber om at grendelaget gjer eit formelt vedtak om aksept av tiltaket, slik at vi får ei omforeint løysing. Vi dekkjer kostnadene for tiltaka innanfor eige driftsbudsjett, opplyser Rognstad.